Sport | 27. nov. 2015

Gamle meistrar leverte igjen!

Os Oldboys trengte berre varma opp for å dra sigeren i land i KM-finalen torsdag kveld.

Gamle meistrar leverte igjen!
Laget som spretta champagne etter at KM-tittelen i går var i boks: F.v.: Jørn Vegard Berge, Frode Øye, Eirik Hjørnevik, Jan Frode Skeie, Vidar Hjelle, Stig Morten Bruarøy, Arve Solskjær, Tryggve Moberg og Leif Erik Solbakken. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. nov. 2015 11:49

Oldboyslaget til Os har no vore krinsmeistrar i 14 av dei 19 siste åra.

Les òg: Spaserte inn til ny KM-tittel

I fjor blei det berre eitt tap, men alle kampane blei ikkje spelt, dermed landa dei på 3. plass.

I år vann dei serien med 12-1-2 trygge 6 poeng framfor Vadmyra - og med fantastisk 117-56 i målforskjell på 15 kampar. Dei største sigrane var 19-4 over Loddefjord og 14-4 over Nordnes.

I starten på november var Os Oldboys på Voss og gjorde som vanleg strøken figur i Smalahovecup. Sjølv om ikkje éin mann var under 46 år, og fleire blei skadd, tok dei seg til finalen i år igjen, der dei tapte for noko dei sjølv meiner var A-laget til Voss.

I tungt regnvêr torsdag kveld var det duka for KM-finale mot Mathopen. Kampen blei alt anna enn spennande.

Null motstand

– Det blei ein forrykande kamp - topptrente osingar med Vidar i spissen gjorde jobben sin og vann fortent med komfortable 0-3, seier Jan Frode Skeie.

Spelande assistenttrenar Leif Erik Solbakken supplerer.

– Dommaren kom heilt frå Åsane og var imponert over kvaliteten allereie då vi varma opp.

– Neida, spøk til side, Mathopen stilte ikkje. Vi rakk å bli søkk våt i oppvarminga, det var det heile. Trenar Stig Morten Bruarøy reknar med at Mathopen tok skrekken sist dei møtte oss, då vann vi stort.

Får ikkje sjå Liverpool om måndagen

Solbakken fortel om godt oppmøte på oldboystreningene, som går på Kuventræ om måndagane.

– Vi er ein fin gjeng, langt fleire enn dei som var med til KM-finalen. Eg sender ut sms kvar måndag for å sikra oss at ikkje nokon blir liggande heime og sjå på Liverpool.

– No er det berre til å halda treninga oppe så tar vi the tripple neste sesong.

Kretsmeisterlaget består av: Jørn Vegard Berge, Frode Øye, Eirik Hjørnevik, Jan Frode Skeie, Vidar Hjelle, Stig Morten Bruarøy, Arve Solskjær, Trygve Moberg og Leif Erik Solbakken. Ikkje på bildet, men del av stallen: Tommy Hjelle, Tore Engevik, Robert Bjørnevik, Frode Heggland, Tor Mogens Jentoft, Jan Terje Lund, Chris Drange, Kim Henry Kristiansen, Knut Eirik Drange, Arvid Søvik, Ingar Asbjørn Endresen, Remi Reiertsen, Erling Gullbrand Olsen og Morten Døsen (rekrutt).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.