Os skulekorps (tidlegare Os og Kuventræ skulekorps) har markert seg under Mangerfestivalen fleire gongar før.
I 2009 blei det førsteplass, i 2010 og 2012 blei det sølv.
– I år gjekk vi heilt til topps igjen, med 92 poeng, 2 poeng framfor 2. plassen.
– Vi stilte med få, men veldig gode musikarar som har øvd veldig bra den siste tida, seier leiar i korpset, Ingeborg Steinkjer til Midtsiden.
Marius Fevang Thorsteinsen er dirigent. Korpset stilte i klassen janitsjar og spelte tre stykke, blant anna Cartoon Festival og Greased Lightening.
– Du får høyra alle vinnarlåtane, med meir, i Oseana søndag, lover ho.
Samarbeid med Nore Neset
Når Os skulekorps har konsert i Oseanasalen søndag er det i samarbeid med Nore Neset skulekorps.
Til saman er over 60 unge musikarar på scenen, frå aspirantar og juniorar til hovudkorpsa.
– Det blir også opning av kalenderluker, sjølv om det er ei veke til første søndag i advent, luker med musikalske overraskingar.
I løpet av konserten, som startar klokka 17, får du også sjå dansarar frå Os kulturskule.