Os Handball kåra til årets klubb
Fekk pris av handballpresident Kåre Geir Lio.


Søndag var det regionsting i NHF region vest. I løpet av tinget blei prisen til årets klubb i regionen delt ut.
Då kunne formann Ingerid Verpe Jacobsen stolt ta imot diplom, blomar og ein sjekk på 5000 kroner - overrekt av handballpresident Kåre Geir Lio.
– Dette var veldig stas! seier Ingerid.
Ho har hatt ulike verv og engasjement i Os Turnforening si handballgruppe lenge, men kan ikkje hugsa at idrettslaget har fått denne utmerkinga før. Det kan heller ikkje tidlegare formann Andris Hamre.
Verpe Jacobsen deltok på tinget saman med nestleiar i Os Handball, Jan Erik Telnes og dommaransvarleg Thor Finn Elverhøy.
Trygve Johnsen frå regionen las opp kvifor nettopp Os fekk prisen.
– Årets klubb har dei siste åra fått på plass eit driftig styre og ein god administrasjon. Dei har, både med fokus på rekruttering, og ved å ta vare på eksisterande medlemmar lengst mogleg, hatt ei imponerande utvikling, sa Johnsen.
Han trekte også fram samarbeid med andre klubbar og, ikkje minst, etablering av gatelag og bygging av eit stort og godt dommarmiljø.
– Denne kåringa kan vi takka mange for, det har vore jobba godt og det er meir på gang. I tillegg til å vera først i Norge med gatelag i handball, trur eg vi også var første klubb som meldte oss på «Klubbhuset 2», ei sertifisering av styrearbeidet, blant anna for å dokumentera arbeidet vårt så godt at det blir enkelt for dei neste i styret å halda fram.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.