Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Rockeveteran og fersk forfattar, Kjell Engelsen Moberg, er dagens gjest.
Os Rock City er ein ny musikkpodkast av Midtsiden frå mars 2026. Her kan du bli betre kjent med lokale musikarar i ulike sjangrar, få morosame tilbakeblikk og informasjon om aktuelle produksjonar og planar.
Programleiar: Ørjan Håland. I dag med sidekick Alexander Dymbe
Episode 4: Rebell for alltid
Dagens gjest: Kjell Engelsen Moberg
I vinter kom han ut med den fyldige boka «Rockedrømmen». Kjell har vakse opp i Os Rock City, opplevd draumen gjennom band som Punishment Park, Jef og K-Jell, og vore ein sentral figur i Os Rockleklubb.
I denne episoden fortel han om både responsen på boka, om den gongen han fylte kjellaren opp med skotske punkband som skulle spela konsertar på Madammen og Giovanni – og om det å vera ein rebell, promotera andre, og å gi komande band ein god arena.
Episoden er allereie lasta opp som lyd på Spotify og andre stadar der du lyttar til podkast.
Sjå videokast i ruta over eller få berre lyden andre stadar du lyttar til podkast, for eksempel på eller i ruta under:


Kan festivalen veksa vidare? Stemmer det at første frø blei sådd på Peppes? Christer frå The Strils serverer her ei urframføring. Om Søfteland.

Kjell Engelsen Moberg er aktuell med «Rockedrømmen», ei reise gjennom Os Rock City si historie – og turnear i inn- og utland.

Dagens gjest er Torkjell Rød, dagens sidekick er Olav Skorpen.

Fleire sjangrar står på menyen, men vi startar med rock. Første gjest er Alexander Dymbe.

Custom skinnbukser frå Hollywood, turné i Aust-Europa og planar om Tyskland. Notörious satsar internasjonalt – frå bomberommet på Kuventræ.

Os Rock City 30 år: Viss dette var siste festen i Fjellheim, så har den gamle storstova fått ei verdig gravferd.