Sport | 15. jan. 2019

Os speler NM-kvalik på heimebane

I dag blei det kjent kven som blir motstandar.

Os speler NM-kvalik på heimebane
Os tok seg til NM i fjor, men Mats Cato & Co rauk ut då dei fekk Ole Martin Kolskogen og Åsane på besøk. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. jan. 2019 14:19

26 lag frå Hordaland deltar i årets fotball-NM (cupen) for menn.

6 av dei er førehandskvalifiserte, blant desse er Lysekloster, mens dei 20 andre må ut i to kvalifiseringsrundar.

I dag blei oppsettet for første kvalifiseringsrunde publisert på fotball.no.

Os tar imot Odda til kamp på Kuventræ.

Første runde skal spelast innan 24. mars.

Sist Os møtte Odda var i andre kvalifiseringsrunde i NM 2017. Då vann Os 4-0.

Odda spelte i Os si naboavdeling i fjor, og lana på 9. plass. Os vann som kjent si avdeling, og KM-tittelen.

Os kvalifiserte seg til NM i fjor som året før, men rauk ut då dei tok imot Åsane i første runde.

Her er 1. kvalifisieringsrunde for laga frå Hordaland:
Os – Odda
Stord – Tertnes
Øystese – Bergen Nord
Lyngbø – Trott
Sund – Bjarg
Varegg – Gneist
Vestsiden/Askøy – Arna-Bjørnar
Solid – Fana
Loddefjord – Trio
Frøya – Sandviken

Os har fleire treningskampar før mars, første kamp er heime mot Fana om ei god veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.