Sport | 20. sep. 2016

Os styrkar stallen

Os blir styrka med førstedivisjonsspelar frå Gjøvik og keepertalent frå Fana.

Pia Kjelsrud Johansen (20) frå Gjøvik og Ida Halstensen (17) frå Fana er nye fjes i troppen til Os handball (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 20. sep. 2016 19:30

Den siste veka har det dukka opp to nye ansikt på treningene til handballdamene til Os.

Pia Kjelsrud Johansen (20) har flytta til Bergen for å studera og takka ja då tilbodet om å spela på Os kom.

– Vi høyrde at Pia var flytta til Bergen og tok kontakt for å høyra om ho var interessert i å teste oss ut. Det var ho, og i mine auge har vi gjort eit kupp, seier assistent-trenar Gitte Torp med eit smil.

Merka ho sakna handballen

Backen, som i fjor spelte 1. divisjon for Gjøvik, takka ja til tilbodet og tok ei prøvetrening.

– Eg flytta til Bergen for å studere jus ved universitetet. Eigentleg hadde eg tenkt å trappa ned på handballen, men då Trond (Førde Eriksen, hovudtrenar til Os) ringde meg tenkte eg at det kunne vera spennande å prøva.

– Etter den første treninga merka eg kor mykje eg sakna å spele handball. Det er rart med det når du har gjort det heile livet, så eg tenkte eg måtte gje det ein sjanse, fortel backen.

– Kva slags spelar er du?

– Eg har mest spelt venstreback, men speler der det trengs. Eg har vel vore ein bra forsvarsspelar og er glad i å vera ein ballfordelar. Eg er nok meir ein gjennombrotsspelar enn ein skyttar, vurderer Kjelsrud Johansen sjølv.

– No ... du har no eit godt skot òg, skyt Førde Eriksen inn i det han passerer.

Har møtt Os før

Kjelsrud Johansen fortel at ho ikkje kjenner Os frå før, men at ho faktisk har spelt mot den nye klubben tidlegare.

– Vi spelte finalen og tapte for Os i Petter Wessel-cup (uoffisielt NM) for nokre år sidan, fortel ho og ler.

Keepertalent valde Os

Ny er også 17 år gamle Ida Halstensen frå Fana. Halstensen har vore fast keeper på J16-laget til Fana som spelte finale i den nasjonale Bringserien i vår, men har hatt ein sjukdomsperiode i sommar.

– Eg sleit litt med motivasjonen tidlegare i haust og fann ut at Os var det rette for meg. Eg kjente òg ein del av jentene frå før, fortel Halstensen som i tillegg til å vera ein del av seniorgruppa også kjem til å spela med juniorlaget.

– Kva type keeper er du?

– Den største styrken min er nok den positive innstillinga eg har til kamp og trening, fortel Halstensen.

– Ida kjenner vi godt som motstandar. Ho har vi spelt mot med 99-jentene gjennom fleire år. Ho blir eit viktig tilskot til gruppa, fortel Gitte, som òg har hovudansvaret for juniorjentene.

Gode på tilrettelegging

Begge dei to fortel at dei har fått eit godt inntrykk av dei nye lagvenninnene og trenarane.

– Os virker veldig bra. Vi trivst godt allereie. Dei er òg gode til å laga eit opplegg som passar med skule og studie. Det er seriøst og det er full trøkk på treningane utan at det er blir for seriøst og alvorleg, forklarer dei to, som ser fram til å kle seg i gult.

Halstensen er allereie speleklar for den nye klubben. Kjelsrud Johansen er ikkje klar til torsdagens bortekamp mot Stord, men klubben reknar med at ho er klar til borteoppgjeret mot Sotra veka etter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.