Lokal | 13. jan. 2019

På kartlegging i Fusa

Fusa Frp fekk mindre enn 1/3 av prosentpoenga som kollegaene i Os ved førre val.

På kartlegging i Fusa
Bjørnafjorden Frp har starta valkampen tidleg. Her på stand på Fjord'n Senter i går. (Privat bilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. jan. 2019 08:26

I september er det kommunestyreval igjen. Grunna kommunesamanslåing 1. janiar 2020 skal vi i Os og Fusa stemma inn eit kommunestyre for komande Bjørnafjorden kommune.

Lokalpartia i kommunane har allereie slått seg saman.

Nokre av dei har tidlegare hatt svært ulik oppslutnad på kvar si side av fjorden.

Tre gongar så godt resultat i Os

Ved førre val hadde Os 14.255 røysteføre, nesten fem gongar så mange som i Fusa, med 2.917.

Os hadde 67,0 % frammøte, Fusa hadde 67.7 %.

Valresultat 2015
Os Frp: 39,5 % (av 9513 stemmer)
Fusa Frp: 12,6% (av 1962 stemmer)

Valresultat 2011
Os Frp 37,7 % (av 8784 stemmer)
Fusa Frp 22,3 % (av 2021 stemmer)

Starta valkampen tidleg

Nystifta Bjørnafjorden Frp har starta valkampen tidleg, og var på stand på Fjord’n Senter laurdag.

– Det var ikkje så folksamt på senteret, men veldig mange av dei som var der var innom standen vår. Dei var pratsame og vi fekk mange gode samtalar, seier Gustav Bahus.

– Kva innspel og spørsmål kom folk med?

– Aktuelle tema var idrett, helse og samferdsle. Det kom ein del spørsmål om bru mellom kommunane.

– I 2017 kom regjeringa med 4 millionar til planlegging av bru mellom Os og Fusa. Kva kunne de svara på det spørsmålet?

– Det vil ta tid å få på plass ei bru. Først må vi bestemma trasé, om den skal gå frå Bogstrand til Holmefjord eller som flytebru mellom Hatvik og Venjaneset. Betre veg mellom Eikelandsosen og Venjaneset er uansett høgt på ønskjelista.

Held folkemøte for å ta pulsen på Fusa - og Os

Bjørnafjorden Frp vil lodda stemninga blant innbyggarane før programmet blir endeleg spikra.

Mens dei var på stand inviterte partiet til ope folkemøte seinare i januar. «Fusa på pulsen» kallar dei møtet.

– Ja, vi skal ha eit Os-på-pulsen-møte òg, men det tar vi til våren. Vi byrjar i Fusa, der vi har hatt svakare oppslutnad enn i Os dei siste åra, seier Terje Søviknes.

– Eg føler vi har tett dialog med innbyggarane, organisasjonane og selskapa i Os, men vil lytta til dei på same måte.

Bjørnafjorden Frp har førebels ikkje hatt nominasjonsmøte, dette blir først i midten av februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.