Lokal | 15. jan. 2011

På norsk igjen

Tredje album frå K-JELL: Kjell syng på norsk for første gong på 20 år. Men satsinga er framleis i Kina.

På norsk igjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. jan. 2011 07:52

Ikkje sidan Punishment Park-tida har Kjell Engelsen Moberg spelt inn låt med norsk tekst. Det som fekk han på morsmål igjen er ikkje kva som helst låt.

- Det var stort då punkrockbandet Hærverk tidleg på 80-talet kom med «Produkt av 70-åra».

- Eg hugsar dei fekk EP-en på ungdomsklubben, men han som styrte musikken ikkje ville spela den. Det enda med at eg og ein kamerat «adopterte» EP-en med oss heim, fortel Kjell.

EP-en blei den einaste Hærverk gav ut. Låta «Produkt av 70-åra» blei den første låta Kjell lærte seg på gitar. På albumet han no held på å spela inn, det tredje med K-JELL, gjer han ein coverversjon av klassikaren.

Resten av låtane er på engelsk og sjølvskrivne. Dei andre medlemmane i K-JELL er Bjørn Tore «BT» Kronen Taranger (trommer), Steinar Hjelmbrekke (gitar) og Audun Havåg (bass).

Rosa verd - utan raud tråd
Tittelen på det komande albumet er «People like us in a pretty pink world». Som vanleg frå Moberg sin leir er det verken tittelspor eller ein tråd raud nok til å forsvara tittelen på albumet.

Litt rosa er det likevel for Kjell, som ser ut til å ha posisjonert seg godt i verdas mest folkerike nasjon:

• Har eit samla opplag (singler og album) på 50.000
• K-JELL er på til saman 150.000 samlecd-ar i Kina
• Har gjeve ut 8 Bergen Rock cd-ar, 13 Norwegian Wood og plater for over 30 artistar på eige plateselskap, October Party Records, si avdeling i Kina.
• Har spelt for 10.000 i Beijing (sjå video på YouTube)
• Blir saman med bandet tatt imot som stjerner av både publikum og leiinga av den største rockefestivalen i Kina, Midi Music Festival.

- Vi har hatt gode kontaktar og gjort mykje rett, det ser eg no. Både K-KJELL og norsk rock har blitt godt mottatt, og stort opplag, låg cd-pris og to turnear (tre med JEF-turneen) gjer at vi møter ferdigdekorert fans ville etter autografar og fotorunde. Det er ville tilstandar!

Dei to kontoane
Kjell fortel at spørsmål om kva han tener satsinga i Kina er vanleg kost.

- Vi får dekka reise, opphald og litt lommepengar på cd-salet. Konsertane kan vi ikkje ta inntekt på, då vi reiser utan arbeidsløyve.

- Men eg ser på det som om vi har to kontoar, éin som vi fyller med nok pengar til å dekka turen, éin som vi fyller med opplevingar. Vi er i fast jobb og treng ikkje tena noko på dette, kontoen for opplevingar er den viktigaste.

Fleire kroner kan det likevel bli. Frå å starta med det nykomarane i Kina tar for cd-ane sine, 10-15 kroner, kjem tredjealbumet til å kosta det tredoble.

- Vi har fått oss eit namn og nærmar oss no ein pris på høgde med dei store kinesiske banda. Når vi tar «People like us in a pretty pink world» med oss austover til våren, er det nok til ein endå betre marknad enn før.

Ikkje Noreg?
- Har førre nobelsprisutdeling og merksemda som har vore rundt den fått noko å seia for din aktivitet og butikk i Kina?

- Nei. Kontaktane mine i Kina var litt urolege i starten, for kva som kom til å skje, men alt tyder på at det er business as usual.

- Kva med heimlandet, satsar K-JELL noko her i det heile tatt?

- Lite. Vi har vore med på den jobben det er å gje ut plater og stå på med spelejobbar her heime. Vi byrjar å bli vaksne karar, då er det lett å velja Kina, der vi kjem til duk og dekka bord og blir så godt tatt imot.

- Men eg har tenkt på å prøva å bli litt meir synleg her i Noreg, så det kan bli noko auka aktivitet på heimebane dette året.

Fest og gravøl
K-JELL lover ikkje å spela noko frå det komande albumet på Os Rockeklubb sin 30-årsfest i Fjellheim laurdag 5. februar.

- Men det kan henda éi av låtane blir spelt for første gong på denne festen.

For å promotera festen og bandet, og for å gje noko til den siste faghandelen innan musikk i Os, har han gjeve Musikkverket på AMFI Os nokre bunkar med eksemplar av dei to første K-JELL-albuma, «Refreshing Power og «You can´t kill rock N roll».

- Desse kan Tor Owe Rennemo dela ut gratis fram til han stenger i slutten av februar. Det er trist å mista ein sånn butikk, ein plass der nokon kan anbefala deg musikk som liknar på den Tor Owe veit du liker frå før, synes Kjell Engelsen Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.