Politi | 13. okt. 2025

På tråsykkel i aksellerasjonsfelt

Blei observert på E39 natt til søndag.

På tråsykkel i aksellerasjonsfelt
Syklisten skal ha hatt retning Os då politiet fjerna han frå 80-sona. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden (arkiv)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 13. okt. 2025 11:01

Klokka 02.45 natt til søndag fekk politiet melding om ein syklist på E39 nær Skogafjellstunnelen.

– Vedkomande, ein mann i 40-åra, var i aksellerasjonsfeltet retning Os, på tråsykkel, då patruljen møtte han, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Mannen fekk muntleg pålegg om å fjerna seg frå staden.

– Han hadde visst plan om å haika vidare mot Os.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.