Politi | 07. des. 2023

Politiet viste elev vekk frå skuleområde

– Vedkomande var uønskt på skulen.

Politiet viste elev vekk frå skuleområde
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. des. 2023 10:14

Politiet rykte klokka 12.35 onsdag ut til ein ungdomsskule i Os for å visa vekk ein elev.

– Vedkomande var uønskt på skulen sitt område. Patruljen fekk ein prat med vedkomande, og det blei fatta eit bortvisningsvedtak, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Eleven som blei vist vekk er i ungdomsskulealder. Politiet har foreløpig ikkje delt yttarlegare informasjon.

Tjue minutt seinare var politiet i ein bustad i Byvegen for å visa vekk ein annan person.

Ein mann som ikkje lenger var ønskt på adressa måtte fjerna seg.

– Det skjedde utan problem, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.