Politi | 07. des. 2023

Delte ut 16 forelegg i 80-sona

Største forelegg var på 14.500 kroner.

Delte ut 16 forelegg i 80-sona
UP hadde kontroll i 80-sona, men sto i 70-sona på vekta og på brua ved brannstasjonen for å vinka fartssyndarane til sida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. des. 2023 10:04

Onsdag frå 11.30 til rundt klokka 14 hadde utrykningspolitiet fartskontroll på E39 Halhjemsvegen.

Dei målte farten i 80-sona mellom Skogafjellstunnelen og Liafjellstunnelen retning sør, og står då på vekta og vinkar fartssyndararne til sida. Med vakt på brua ved brannstasjonen, om nokon svingar av «før tida».

UP har fortald til Midtsiden at dei endra plassering etter denne omtalen:

– Det blei i alt skrive ut 16 forelegg, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Høgaste målte fart var 111 km/t, som er 5 km/t frå førarkortbeslag og resulterer i 14.500 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Ingen av dei kontrollerte gav utslag på promille.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.