Politi | 05. mai 2022

Promillekontroll i Øyane på morgonkvisten

85 bilistar blei kontrollert.

Promillekontroll i Øyane på morgonkvisten
Politiet, her på Sundøy, sto i «Bruabrekko» på Røtinga torsdag morgon. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mai 2022 08:02

Torsdag frå rundt klokka 06.20 hadde politiet trafikkontroll i Søre Øyane med hovudfokus på promille.

– 85 bilførarar blei kontrollerte. Det førte ikkje til reaksjonar eller utslag på promille, alt var som det skal vera, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Sendte utlendingar frå Halhjem til Søfteland

Tidlegare torsdag morgon, i 05.30-tida, fekk politiet melding om to utanlandske semitrailerar som sto i ro på Halhjem.

– Trailerane sto i høgre felt mellom kai og rundkøyring. Sjåførane forklarte at dei fullførte kviletida, men blei sendt til Søfteland for å ta resten av pausen der.

Støy frå russ

I 00.15-tida natt til torsdag fekk politiet klage på støy frå ein russebuss ved Os vgs.

Det kom berre denne eine klagen, og politiet rykte ikkje ut.

Reknar med det var ein rev

I 11.10-tida onsdag formiddag blei eit dyr påkøyrd i Byvegen nær krysset ved Gymnasvegen.

– Det var eit lite dyr med brun pels. Meldar meiner det såg ut som ein rev, men reagerer på at den i så fall er ute på vandring midt på dagen.

Bilførar høyrde eit dunk i bilen. Vedkomande stoppa for å sjå etter dyret, og fekk hjelp av medtrafikantar til å leita, men fann ikkje dyret igjen.

Viltkontakt er varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.