Politi | 04. mai 2022

Tok beslag i førarkortet til eldre mann

– Vi har oppretta sak, fortel politiet.

Ingen personar blei skadd, men bilberging måtte bestillast etter kollisjonen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. mai 2022 10:13

Tysdag i 18-tida var det ein kollisjon nær Lepsøykrysset (det er ikkje notert om uhellet skjedde på Nilsavegen, Lepsøyvegen eller Halhjemsvegen).

Foto: Thea Forstrønen Bruarøy
Les ògTrafikkulykke i Nilsavegen

– Ein bilførar på rundt 90 år hadde éin passasjer med seg. Førar av den andre bilen, ei kvinne i 50-åra, var åleine i bilen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ingen personar blei skadd. Operasjonsleiar fortalte i går at dei mistenker brot på vikeplikta.

– Vi har oppretta sak. Det er tatt beslag i førarkortet til den eldre mannen, fortel Lyssand.

Politiet var i 23.30-tida på Halhjemsvegen igjen, då avskilta dei ein bil.

Årsak var manglande EU-godkjenning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.