Redningsaksjon i Øyane
OPPDATERT: aksjonen er avslutta.


OPPDATERT kl 18.22: Politiet er no i kontakt med nokre ungdomar som har vore ute og fiska i ein liten båt.
– Dei stadfestar at det truleg er dei som har blitt observerte, seier Helge Blindheim, operajsonsleiar i Vest politidistrikt.
Aksjonen er avslutta.
Midtsiden fekk klokka 17.36 tips om ambulansebåt, luftambulanse og politi i aksjon på Kjerringahavet, sundet mellom Bruarøya og Lepsøya.
Etterkvart kom òg ein mob-båt frå Kystvakten og redningsdykkarar frå Bjørnafjorden brann og redning til staden.

– Vi fekk melding klokka 16.58 om ein mogleg kantra båt nær Brattholmen, og at tre personar sto på kjølen til båten, fortel Jan Øyvind Rekeland, vakthavande redningsoperatør på Hovedredningssentralen.
– Det er fleire einingar ute og søker i området. Det er foreløpig ikkje gjort funn, sa han til klokka 17.50.

Politiet oppdaterte klokka 17.54 at dei var interesserte i tips.
Klokka 18.22 ser det ut som om det likevel ikkje har vore ei ulykke.