Kultur | 26. apr. 2024

Reiser langt for å «tøma garasjen sin» i Os

Ventar gjestar frå Møre og Agder til Ulvenmarkedet.

Reiser langt for å «tøma garasjen sin» i Os
Thorstein Haukeland frå Arna var i 2022 ein av dei kortreiste gjestane. Her saman med Gustav Bahus frå Os Skysslag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. apr. 2024 09:42

I kveld er det ankomst for fleire av dei som reiser lengst, i morgon er det opning av årets Ulvenmarkedet.

«Kom som du er, ta med det du har» er slagordet i invitasjonen til utstillarane, og fleire reiser langt for å selja det dei har.

– Det varierer frå år til år, men vi har folk frå både Møre i nord, Sogn, Voss, Haugalandet og heilt sør til Kristiansand som kjem for å stilla ut, fortel Gustav Bahus frå Os Skysslag.

– Det er ikkje mange sånne marknadsplassar i Norge, og fleire finn delar til gamle bilar og motorsyklar som er gull verdt i restaureringsarbeidet.

Men det er ikkje berre hobbymekanikarar som finn varer av verdi.

– Eg har inntrykk av at både dei som sel krigsmateriell og dei som har leike- og modellbilar i utvalet er utstillarane som har høgast omsetnad.

Utanom marknaden er det venta fleire bilklubbar innom for å visa fram doningane sine på «finbilparkeringa».

– Det har vore god pågang der òg, seier Bahus.

I relaterte saker under ser du bildeseriar frå marknaden fleire år tilbake.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.