Båt og sjøliv | 16. juli 2025

Reiste frå Os i går

Tok to døgn utanfor Solstrand.

Reiste frå Os i går
Utanfor Moldaneset måndag morgon. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. juli 2025 10:47

Søndag formiddag vekte seglyachten, identifisert som ZCYR9 på AIS, merksemd i Os.

Etter ein liten runddans mellom Sandholmane og Bjåneshalvøya ankra den opp utanfor Moldaneset – med fin utsikt mot (og frå) Solstrand Hotel og Bad.

Tysdag morgon heva den anker å segla ut Bjørnafjorden.

Turen gjekk vidare ned Langenuen og inn Hardangerfjorden.

I 13-tida passerte den Rosendal, i 15.30-tida ankra den opp utanfor Øystese.

Båten er kjent for å vera ein av verdas raskaste og mest avanserte seglyachtar.

Den har vunne fleire priser, inkludert ein spesiell dommerpris under World Superyacht Awards 2012, for «merkbart bidrag til den tekniske utviklinga av seglsuperyachtar».

Den seglar under Caymanøyene sitt flagg, er 66,7 meter (218 fot) lang og 10 meter brei.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.