Kultur | 23. juli 2020

Richard sitt rockesirkus nesten utselt

Dette kan publikum venta seg på Baronessen laurdag.

Richard sitt rockesirkus nesten utselt
Richard gler seg over godt billettsal. No håper han at publikum koser seg, og syng med der dei kan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. juli 2020 11:33

Richard Myhre Gåssand frå Os er vokalist og frontfigur når han i sommar byr på «Sirküset» på heimebane.

– Planen var å ha det på Liens, men då dei ikkje fekk opna i tide, strekte heldivis Jostein Eck på Baronessen ut ei hand. Eg hadde tromma saman bandet, så eg er glad for at vi no får gjennomført, seier Richard til Midtsiden.

Sirküset byr på pop og rock frå det glamorøse 80-talet, 21 coverlåtar av rundt 15 ulike band.

Konserten laurdag blir ikkje berre gjennomført, det er berre rundt ti billettar igjen.

Lett og lodden

– Eg har erfaring frå alt frå death- og metalrock til opera, men har alltid hatt ekstra sans for denne glamroken frå 80-talet. Til denne konserten stiller vi med andre ord ikkje med tungrock.

Sirküset byr på alt frå Wham, Rick Springfireld, Lita Ford og Ozzy Osbourne til Whitesnake, Def Leppard, Scorpions, Poison og Meatloaf.

– Det blir òg musikk frå nokre band som kanskje ikkje er like kjente, som Loverboy, Danger Danger og Hardline.

Richard Myhre Gåssand har vore innom ulike sjangrar. Laurdag blir det glamrock frå 1980-talet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Richard Myhre Gåssand har vore innom ulike sjangrar. Laurdag blir det glamrock frå 1980-talet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tre frå Os

Bandet består av;
JRK Myhre (Richard Myhre Gåssand)
Johannes Gade Glesner Andreassen (gitar)
Viljar Brunvoll (gitar)
Karl Edvardsen (bass)
Tommy Norén Rosenberg (trommer)

– Eg er ikkje del av eit fast band for tida, så eg måtte samla saman musikarar til dette sikruset. Då eg viste setlista til Tommy så meldte han seg som fast medlem av bandet, seier JRK og ler nøgd.

Fleire av musikarane har erfaring frå band som Psykopath og Second Chance.

– Viljar er òg frå Os, og Tommy har flytta til Os i nyare tid, så vi er ganske lokale.

Frå death metal i 2018 til vitskaps-opera i 2019

For ti år sidan var den gong 17 år gamle Richard Myhre Gåssand på topp 50 i X-Factor på TV 2. Året etter var han blant dei som blei sendt vidare frå UKM.

– Det blei ulike prosjekt i ungdomen. Etter to år i militæret fekk eg jobb i ein butikk i Bergen. Der blei eg kjent med fleire musikarar, og spelte ulike sjangrar av rock. Mykje av det blei hardt og tungt.

Etter at han i 2018 slutta i eit death metal-band tok han opp igjen sjangeren opera, som han var innom i Havfest i Oseana.

– Prosjektet heiter «Fish to Mars», og er vitskap forklart med metallrocka opera. Vi har framført dette fem gongar på Akvariet i Bergen, blant anna, og skulle vore på ein større festival i Praha med framsyninga, men den blei som mange andre utsett grunna koronapandemien.

Antrekk og allsong

Rigging og lydprøvar tysdag og onsdag gjekk knirkefritt, men scenen må byggast litt ut, då trommesettet er det største som har vore innom lokalet.

Scenen må byggast ut for å få plass til andre enn dette store slagverket. (Foto: KVB)
Scenen må byggast ut for å få plass til andre enn dette store slagverket. (Foto: KVB)

Baronessen har, grunna smitteverntiltak, redusert kapasitet. Dansing eller annan tett aktivitet framfor scenen er heller ikkje etter boka.

– Korleis blir det å servera 80-talsrock til eit publikum som knapt kan røra på seg?

– Eg har servert vitskapsrockeopera til forskarar, som sto stive som pinnar, så det skal gå greit.

– Men det er sjølvsagt kjekt om dei syng med på låtane dei kan frå før, og om andre enn oss på scenen kler seg litt glamorøst denne kvelden. Det viktigaste er uansett at folk koser seg!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.