Helse | 13. nov. 2021

RS-viruset: Kor tid treng du IKKJE å kontakta lege?

Legevakta fortel om periodar med enorm pågang.

RS-viruset: Kor tid treng du IKKJE å kontakta lege?
Bjørnafjorden legevaktsentral. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. nov. 2021 09:15

Legekontora og legevakta opplever enorm pågang frå foreldre som er redde for at deira barn skal bli alvorleg sjuke av forkjølingsviruset RS.

– Heldigvis blir dei færraste barn alvorleg sjuke av dette viruset, fortel kommuneoverlege Klaus Melf i ei pressemelding.

RS-viruset går vanlegvis kvar vinter, men i år starta sesongen litt tidlegare enn vanleg og fleire blir smitta fordi vi er mindre motstandsdyktige etter halvanna år med sterkt smittevern. Når fleire blir smitta, blir fleire sjuke - og då blir òg nokre fleire enn vanleg lagt inn på sjukehus.

– RS-viruset har fått mykje merksemd i media i det siste, og då er det naturleg at mange blir redde, seier Melf.

Dei fleste blir friske av seg sjølv

Melf seier det er viktig å få fram at det er få barn som treng legetilsyn når dei har ein luftvegsinfeksjon - og endå færre som blir så sjuke at dei treng å bli behandla på sjukehuset.

– Dei aller fleste som blir smitta med RS-virus får forkjølingssymptom, og blir heilt friske etter nokre dagar utan anna behandling enn god omsorg.

Kommuneoverlege Klaus Melf. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kommuneoverlege Klaus Melf. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nokre få av dei som blir smitta av RS-virus, blir så sjuke at dei i tillegg treng behandling på sjukehus.

– Dette gjeld først og fremst barn under eitt år - men dei fleste barn under eitt år blir òg friske av seg sjølv, seier kommuneoverlegen.

Kven skal ta kontakt med lege

  • Dersom barnet er slapt, har dårleg almenntilstand, drikk lite, har tørre bleier og/eller tungt for å puste, skal du ta kontakt med fastlegen.
  • Symptoma treng ikkje inkludera feber.
  • Legevakta skal berre kontaktast dersom det verkeleg er nødvendig.

– Hovudregelen er at dess yngre barnet er, dess lågare terskel skal du ha for å kontakte lege, seier Melf.

– Difor er det òg viktig at vi beskytter dei minste mot RS-viruset. Til dømes skal alle som besøker ein nyfødd vere heilt friske.

Når treng foreldre ikkje ta kontakt med lege?

  • Eit barn som er forkjøla, men i OK form, treng ikkje oppsøka lege.
  • Det er ikkje nødvendig å sjekka om det er RS-virus, men det kan vera lurt å teste for korona. Korontatesten kan barnet ta i form av to hurtigtestar heime, med 24 timars mellomrom.

Du får hurtigtestar gratis på teststasjonane i Kolskogen og Eikelandsosen, og alle legekontor i kommunen. NB! Du får ikkje hurtigtestar på legevakta på Moberg.

– Følg flytskjemaet frå FHI for råd om kva du bør gjera ved luftvegssymptom. I tillegg skal vi følgje dei generelle råda: Hald deg heime når du er sjuk, vask hendene ofte, host og nys i albogekroken eller i eit papirlommetørkle, og ta koronatest sjølv ved milde symptom, oppmodar kommuneoverlegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.