Brann og beredskap | 18. jan. 2023

Rykte ut til hotell i natt

Fekk melding om røykutvikling.

To av dei fire bilane som fôr over Osbruo etter midnatt. (Lesarbilde, foto: Olav Skorpen)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveionsdag 18. jan. 2023 07:33

Klokka 00.20 rykte nødetatane ut etter melding om røykutvikling på Bjørnafjorden Hotell. Vest politidistrikt og 110-sentralen informerte om utrykkinga på Twitter.

– Det blei utløyst ein manuell brannmeldar som tilkalla brannvesenet, opplyser innsatsleiar Martin Østgulen Svendsen frå Bjørnafjorden brann og redning.

Evakueringa blei sett i verk av hotelltilsette. Gjestane måtte venta ute medan brann og redning var inne for å kontrollera.

– Det hadde oppstått røykutvikling i ein feittutskiljar på kjøkkenet.

Frå ei utrykking i september 2022, då etter røykutvikling i eit anna bygg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Det var ein del røyk, men ingen brann.

– Vi var inne å fjerna feittutskiljaren. Før vi lufta ut og kontrollerte staden. Det var ei udramatisk hending, seier Svendsen.

Då brann og redning var ferdig fekk gjestane retunera til romma sine.

Ein hotelltilsett fekk tilsyn av ambulansen på staden etter å ha vore eksponert for røyken, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.