Politi | 11. okt. 2023

Sa han hadde førarkortet heime. Politiet køyrde mannen heim

Stoppa i fartskontroll, men det var kanskje ikkje einaste utfordring.

Sa han hadde førarkortet heime. Politiet køyrde mannen heim
Frå ein tidlegare kontroll på Byvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. okt. 2023 07:08

Onsdag morgon litt før klokka 08 stoppa politiet ein bilist på Byvegen.

Vedkomande hadde blitt målt til 81 km/t i 60-sona.

– Han kunne ikkje visa fram førarkort, og sa han hadde eit utanlandsk førarkort heime, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Patruljen køyrde vedkomande heim, men mannen, som er rundt 30 år gamal, fann ikkje førarkortet sitt.

Han er meldt for køyring utan gyldig førarkort. Så blir det opp til bilførar å leita litt til før saka skal avgjerast.

Køyring i 81 km/t i 60-sone resulterer dessutan i 12.100 kroner i forelgg og tre prikkar på førarkortet - om du har førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.