Såg etter syndarar ved bedehuset
Politiet sjekka 77 bilistar i Øyane fredag morgon.

Fredag frå klokka 06.15 var politiet i Søre Øyane for å halda trafikkontroll.
Dei stilte seg opp ved bedehuset på Bruarøy for å sjekka dokument og sikt etter den kalde, stjerneklare natta.
– 77 bilar blei kontrollert, to personar er meldt grunna uforsvarleg dårleg sikt, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
– Meldt, betyr det førarkortbeslag?
– Det er foreløpig ikkje tatt beslag, reaksjon blir opp til jurist å vurdera.
I tillegg fekk to andre bilistar åtvaring for dårleg sikt.
Fire bilførarar hadde gløymd å ta førarkortet med seg, også dei slapp unna med åtvaring i staden for gebyr på 500 kroner.
Klokka 01.05 natt til fredag fekk politiet melding om ein lastebil som sto fast ved Carfix i Byvegen.
Ein utanlands sjåfør hadde køyrd feil. Meldar var ein som stoppa for å tilby hjelp til vedkomande, politiet rykte ikkje ut.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.