Politi | 14. des. 2022

Her blei det forelegg

Éin fekk forelegg for dårleg sikt, fire fekk bruksforbod for snø på taket.

Her blei det forelegg
Vegvesenet kontakta politiet, som kom for å skriva forelegg til føraren av denne bilen. (Foto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. des. 2022 22:09

Tysdag snødde det mykje i Os, onsdag hadde Statens vegvesen kontroll av lette køyretøy i Os sentrum ved Vognhallen.

– Politiet kom innom kontrollen for å gi forelegg til ein bilist med dårleg sikt både gjennom frontrute og sideruter, fortel Steinar Atle Våmartveit frå vegvesenet.

Forelegget kom på 2.800 kroner.

Dårleg sikt kan føra til avkorting i forsikringsutbetaling, om du er involvert i ei ulykke. Det kan også føra til forelegg på oppunder 10.000 kroner, eller førarkortbeslag.

Fekk bruksforbod for snø på taket

Det blei gitt fire bruksforbod på køyretøy som hadde mykje snø på taket.

– Årsaka er faren for at snøen skal skli fram og nedover fronruta ved oppbremsing.

Ein av bilane som blei ilagt bruksforbod grunna snø på taket. (Foto: Statens vegvesen)
Ein av bilane som blei ilagt bruksforbod grunna snø på taket. (Foto: Statens vegvesen)

– Er det mykje snø vil ikkje vindusviskarane klara å få det vekk.

– Det er viktig å ta seg tid til å fjerna snø og is før køyring, både på ruter, tak, panser og lys.

Utanlands førar meldt

Eit anna køyretøy fekk bruksforbod grunna dårleg lastsikring.

Her blei lasta sikra betre, og vedkomande fekk køyra vidare.

Denne lastsikringa blei ikkje godkjent. (Foto: Statens vegvesen)
Denne lastsikringa blei ikkje godkjent. (Foto: Statens vegvesen)

Ein utenlands førar blir meldt fordi han ikkje kunna visa fram gyldig førarkort.

Han fekk ikkje køyra vidare.

– Det blei elles gitt mangel på senkesett som ikkje var godkjent, modifisert eksosanlegg, film på sideruter framme og mangler på lys.

– Éin førar fekk gebyr for ikkje å ha med seg vognkort.

Ifølgje ein tipsar har vegvesenet hatt tilsvarande kontroll på Grindavoll i dag. Vi har foreløpig ikkje fått fangsrapport frå denne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.