Næringsliv | 18. jan. 2014

Sal og flytting frå Kolskogen?

Styret i FKHS Invest AS, som blant anna eig Fløysand Tak AS, vil legga ned butikken Proffverktøy AS og selja Industrivegen 63.

Sal og flytting frå Kolskogen?
Fløysand Tak og Partas treng meir plass. No legg dei den store eigedomen Industrivegen 63 ut for sal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. jan. 2014 07:47

I styremøte i FKHS Invest AS onsdag blei det beslutta å legga ned butikken Proffverktøy AS i Elvebakken ved Byvegen. Byvegen 81 ligg allereie ute for sal.

Styret beslutta også å legga den store eigedomen Industrivegen 63 ut for sal.

Selskapet kjøpte eigedomen, som på 90- og 2000-talet husa helsestudioet Cha Zet, av Macbox AS i 2010.

– Vi hadde ambisjonar om å utvida og flytta Proffverktøy opp i Industrivegen for å gi dette selskapet et grunnlag for bedre lønnsemd.

– Salet av Byvegen 81 var også et ledd i å samlokalisera aktiviteten. I tillegg så treng både Partas og Fløysand Tak meir plass, fortel styreleiar Knut Haddal.

Før jul fekk selskapet avslag på dispenasjonssøknad om utviding.

Fleire selskap – fleire leigetakarar

FKHS Invest AS er eigd av Knut Haddal, Asle Andersen, Gudmund Fløysand, Geir Ole Skogvang og brørne Eirik og Robert Hjørnevik.

FKHS eig 100 prosent av aksjane i desse selskapa:

Altitak AS
Fløysand Tak AS
Fløysand Blikk AS
Proffverktøy AS
Byvegen 81 AS
Industrivegen 63 AS

I tillegg eig FKHS ein fjerdedel av Fløysand Rogaland AS

Også Macbox, Maxprint, Partas, Rubb, Bergen Sikkerhet og SR Revisjon er leigetakarar i Industrivegen 63, som også har fleire hyblar.

Ut av Os?

Dotterselskapa vurderer lokalisering utifrå eigne vurderingar og behov.

– Både Partas AS og Fløysand Tak AS sonderer no marknaden etter nye lokale. Det er desse selskapa som har størst behov for utvida plass.

– Fløysand Tak har vurdert andre lokaliseringar lokalt, men når vi først må flytta, vil Nesttun eller Midttun vera meir naturlege lokaliseringar.

Fløysand Tak, Fløysand Blikk og Altitak har til saman rundt 100 tilsette. 30 av desse bur i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.