Os Fotball dame | 08. nov. 2021

Sånn blir opprykkskampane til damelaget

Startar med heimekamp førstkomande søndag.

Før kamp mot Åsane 2, som Os/Nor Neset vann 3-0. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. nov. 2021 07:05

Etter 3-1 samanlagt i to kampar mot sterke Åsane 2 (0-1 og 3-0) har Os/Nore Neset vist at dei er beste 3. divisjonslag i Hordaland.

I sin andre sesong etter opprykket frå 4. divisjon.

Det blei ein festkveld på Kuventræ då Os/Nore Neset slo Åsane 2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg«Ein kamp vi truleg kjem til å tapa, men ein kamp som kan gi minne for livet»

I kampen om opprykk til 2. divisjon speler Os/Nore Neset mot beste lag i Sogn og Fjordane (Førde) og Rogaland (Vidar) i ein miniserie.

2 av dei 3 laga rykker opp til 2. divisjon.

Det blei tidleg bestemt at Os skulle ha kamp 14. og 21. november. Kva dato som blei heime og borte, mot kven, blei avgjort av resultatet mellom Vidar og Førde.

Vidar tok imot Førde i går og vann 4-1 (3-0).

Fire ulike målskårarar var med på å gi Vidar frå Rogaland den store sigeren.

Kampoppsett for dei to siste rundane:
Søndag 14/11 kl 15.00: Os/Nore Neset - Vidar
Søndag 21/11 kl 17.00: Førde - Os/Nore Neset

OBS! Heimekampen søndag går klokka 15, ikkje 13, som først opplyst.

Om Os/Nore Neset taper med mindre enn tre mål søndag, kan dei likevel rykka opp med uavgjort mot Førde søndagen etter.

Vi reknar likevel med at Os/Nore Neset går for siger på Kuventræ førstkomande søndag.

Både i Sogn og Fjordane og i Rogaland har det vore berre éi avdeling i 3. divisjon.

Dette er resultata etter ordinær serie for dei tre opprykkskandidatane:
Os/Nore Neset:
10 kampar, 26 poeng (8-2-0) 29-7 i målforskjell
Vidar:
11 kampar, 25 poeng (7-4-0) 51-14 i målforskjell
Førde:
10 kampar (8-1-1), 25 poeng, 55-15 i målforskjell

Dei to andre har skåra meir, men Os/Nore Neset har flest poeng og klart færrast baklengsmål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.