Næringsliv | 10. des. 2015

Sånn skal Er-An Veikro utvidast

Trinn 1 av 4: Innreia og montera ein amerikansk skulebuss inn i husveggen (!) på restauranten.

Sånn skal Er-An Veikro utvidast
Linda Andersen har hyra inn Heggland Heiltre til å innreia bussen som no skal bli del av restauranten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. des. 2015 21:12

Bildeserie:

Linda har kjøpt denne bussen i USA. No er den på veg til Noreg med båt.
Linda har kjøpt denne bussen i USA. No er den på veg til Noreg med båt.
Bussen er bygd i 2003 og har gått som skulebuss i USA.
Bussen er bygd i 2003 og har gått som skulebuss i USA.
Den første skissa av korleis bussen kunne integrerast.
Den første skissa av korleis bussen kunne integrerast.
Så byrja arkitekten Einar Salomonsen å teikna.
Så byrja arkitekten Einar Salomonsen å teikna.
... og leverte dette. (Ill: Interiør Plan/E. Salomonsen)
... og leverte dette. (Ill: Interiør Plan/E. Salomonsen)
Sånn skal det sjå ut frå bensinstasjonen. (Ill: Interiør Plan/E. Salomonsen)
Sånn skal det sjå ut frå bensinstasjonen. (Ill: Interiør Plan/E. Salomonsen)
Bussen blir skrått på bygget. Inngangen blir flytta. (Ill: Interiør Plan/E. Salomonsen)
Bussen blir skrått på bygget. Inngangen blir flytta. (Ill: Interiør Plan/E. Salomonsen)
Vegkroa får over 20 nye sitjeplassar og ny fasade. (Ill: Interiør Plan/E. Salomonsen)
Vegkroa får over 20 nye sitjeplassar og ny fasade. (Ill: Interiør Plan/E. Salomonsen)
1 av 8

Frå ein «katastrofalt» god nyopning våren 2013 har eventyret halde fram, kvar månad i år har vore betre same månad i 2014, november var heile 40 prosent opp og ein av årets beste.

At investeringa i ny restaurant går bra, er ikkje berre ei glede, men ein lettelse for eigarane Hanne Catrine og mamma Linda Andersen.

– Det kosta pengar å bygga denne restauranten og det kostar å driva den. Vi har sett på kva som kan gjerast for å driva endå meir lønsamt, blant anna ved å utvida kapasiteten.

– Det var då det dukka opp nok ein litt vill idé, fortel Linda.

Ho har fått positive tilbakemeldingar frå byggeavdelinga i kommunen og i dag kom godkjenninga frå Statens vegvesen.

Køyrer ein buss inn i restauranten

Ideen er basert på å innreia ein amerikansk skulebuss, av tradisjonell stil med snute, for å ha servering i denne.

– Vi hadde så veldig fokus på interiøret og menyen då vi bygde at fasaden på restauranten blei forsømt, eg synest ikkje den er sprek nok. Med ein skulebuss med snute fast i husveggen vil det koma seg, trur Linda.

– Ideen er å ha fleire slike bussar, på hjul rundtom i Noreg, gjerne innom festivalar og liknande. Det blir ein eigen Keep on Rockin’-kjede.

– Men dei to første bussane skal her på Røykenes, og den eine skal innlemmast i bygningen.

På spørsmål om ideen kjem frå då ho var i USA på studietur før restauranten skulle byggast, svarer ho nei, «ideen henta eg i mitt eige hovude».

– Då kan du tenkja deg kor rotete det er oppi der, seier Roald Heggland, som får Linda til å le så ho hikstar.

Roald skal med Heggland Heiltre innreia bussen som restaurant og ha totalentreprise på å innelemma den i bygningen.

Kjøpte brukt skulebuss

Bussen er kjøpt og er på veg over Atlanterhavet med båt. Når den er på plass skal den innom kroa for velkomstparty før den går direkte til fabrikken i Hegglandsdalen for isolering og innreiing.

– Den får rett over 20 sitjeplassar. Eg trur det kjem til å bli ekstra stas for kundane å få bord i bussen, seier Roald.

Han har innreia mange restaurantar før, men også tatt innreiing i både bil, båt og buss.

– Det nærmaste eg kjem dette oppdraget er ein buss vi innreia i tilknyting til ein restaurant og ein bensinstasjon i Førde. Det er mange år sidan, men eg trur dei framleis har stor glede av den.

– Dette prosjektet blir heilt spesielt, som del av ein restaurant som allereie er så amerikansk i stilen, og med ein ekte amerikansk skulebuss.

I USA har dei framleis produksjon av skulebussar med snute, med gamal design. Veteranbussar er svært vanskelg å få tak i, og høg i pris, så Linda valte ein skulebuss frå 2003. Full køyrbar, men også eigna til å supplera restauranten.

Vil bli dobbelt så stor

Bussen «landar» allereie fredag 18. desember. Linda reknar med å få bussen integrert i restauranten i løpet av vinteren. Neste trinn blir ein fengselsbuss.

– Den skal bli bikers-buss. Vi har mykje mc-folk innom, så eg tenkte dei kunne sitja fengsla mens dei åt, humrar Linda.

Dei neste bussane, også dei av amerikansk type, skal innreiast som amerikanske «diner» og drivast som mobile restaurantar.

– Søviknes har jo lovd meg tomt i Lyseparken, kanskje eg får meg ein buss på kvar side av E39 i Endelausemarka.

Keep on Rockin’-konseptet skal dessutan riggast for riksdekkande spreiing.

– På sikt er planen å etablera ein kjede med desse bussane, med dronningbia ståande på Røykenes og bussar på farten i andre delar av landet.

Kva trinn som kjem som tre og fire er ikkje heilt spikra, men Linda og Hanne Catrine ønskjer også å utvida bygget i retning nord.

– Vi har byrja på skissene og dei inkluderer selskapslokale på rundt 200 kvadratmeter, scene og samla sett ei dobling av restauranten. Men først skal vi ha på plass bussen som både gir auka kapasitet på over 20 plassar og som verkeleg skal liva opp fasaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.