Lokal | 15. mars 2019

Siste dag med parkering her

Kapasiteten i sentrum: Eitt tiltak forsvinn, to nye kan betra forholda, men ikkje umiddelbart.

Siste dag med parkering her
To tredelar av grusplassen ved ungdomsskulen har sidan november fungert som langtidsparkering. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. mars 2019 10:21

Bildeserie:

Bygging av Os Aktiv har fjerna parkeringsplassar i Landboden. (Foto: KVB)
Bygging av Os Aktiv har fjerna parkeringsplassar i Landboden. (Foto: KVB)
Når brannstasjonen er riven blir det i alt 90 plassar her. (Foto. KVB)
Når brannstasjonen er riven blir det i alt 90 plassar her. (Foto. KVB)
Først må desse skissene godkjennast - og stasjonen rivast. (3RW)
Først må desse skissene godkjennast - og stasjonen rivast. (3RW)
1 av 3
Bygging av Os Aktiv har fjerna parkeringsplassar i Landboden. (Foto: KVB)
Når brannstasjonen er riven blir det i alt 90 plassar her. (Foto. KVB)
Først må desse skissene godkjennast - og stasjonen rivast. (3RW)

Frå midten av november har 2/3 av grusbanen ved Os ungdomsskule vore open for parkering, med plass til over 50 bilar. Dette har gjeve etterlengta kapasitetsauke på langtidsparkering, ikkje minst fordi bygginga av Os Aktiv har tatt beslag på fleire parkeringsplassar i Landboden.

Frå måndag er dette slutt. Fotballsesongen nærmar seg start og Jadakameratene treng banen til trening og kamp.

– Vi stenger av grusplassen for bilar, og så skal vi gå over banen så den blir jamn og klar for både fotball og annan aktivitet, seier prosjektsjef Halvor Hanevik.

– Om det er ledig kapasitet på den kommunale banen på Kuventræ, kan Jada vera interessert i å flytta aktiviteten sin opp der? For å halda plassen open for parkering vidare?

– Det har, så vidt eg veit, ikkje vore diskutert. Men dei er ikkje einaste brukarar av plassen, Os ungdomsskule kan ha behov for grusbanen på dagtid.

– Det blir ein periode framover med nokre færre plassar, men både riving av brannstasjonen og innføring av Sesam Sesam vil vera med på å betra forholda.

Nye plassar på brannstasjontomta

I desember 2018 vedtok Os kommunestyre å realisera nytt parkeringshus under grusbanen ved Os ungdomsskule, med ny kunstgrasbane på taket.Arbeidet startar etter Osfest i august.

I same vedtak ligg opparbeiding av overflateparkering på Cirkle K- og brannstasjonstomta.

– Kor tid blir brannstasjonen riven?

– Det skal skje før sommaren, men det vil ta litt tid å etablera parkeringsplassar på tomta, blant anna grunna høgdeforskjell opp til baksida av den gamle stasjonen. Men designet på denne plassen er klart, det gjenstår berre å få denne verifisert.

Det er venta at parkeringshus under grusbanen skal husa 150 bilar, mens Circle K- tomta og brannstasjontomta til saman skal ha 90 plassar.

Sesam Sesam: Einvegskøyrd framdrift

I september fortalte no avtroppa næringssjef Daniel Skotheim om plan for ny parkeringsløysing i Os sentrum.

Med Sesam Sesam skal det framleis vera gratis å stå nokre timar, samtidig skal det vera både enkelt og billig om du står nokre timar ekstra.

Målet er å gjera det kostbart med langtidsparkering i sentrumskjerna, slik at kapasiteten for dei som handlar og bruker sentrum på dagtid skal auka.

– Saman med innføring av ordninga blir det ei justering av køyremønster. Vi har no fått godkjent einvegskøyring inn Øyro, frå Nordisk Rom og Apoteket til Bakketeig og Madam Ane, fortel næringskonsulent Jon Sivert Rykkel.

Neste steg er å bestemma satsane.

– Dette skal avgjerast i møte i Liv på Øyro 2 i neste veke.

Eksempel på referansar er Lagunen, som har gratis to timar, med 24 kroner per time etterpå, og Voss AMFI, som har gratis to timar og 12 kroner per påfølgande time.

Diskusjonstema for Liv på Øyro 2 blir blant anna kva som skal vera takst etter to timar gratis, om taksten vidare skal vera fast eller progressiv, og om pris på abonnement.

– Det var mål om å få Sesam Sesam på plass før jul 2018. Kor raskt kan det koma i drift?

– Mens vi har drøfta og søkt om einvegskøyring har Sesam Sesam gjort sine førebuingar, blant anna med å undersøkja forhold, finna ut kvar dei kan få straum og å planlegga praktisk gjennomføring.

– Når satsane er sette, håper eg at gravinga og monteringa av kamera snarast kjem i gang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.