Motor | 24. nov. 2023

Siste helg med avstemming: Eli frå Os kan vinna Frivillighetsprisen

Av 300 nominerte er det 6 finalistar. Ein av dei brenn for kvinner sitt MC-miljø.

Siste helg med avstemming: Eli frå Os kan vinna Frivillighetsprisen
Eli Stene, her på sykkelen i samband med den internasjonale WRWR-stafetten i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. nov. 2023 15:43

Tysdag 5. desember blir Frivillighetsprisen delt ut under ein seremoni i Oslo.

Frivillighet Norge, Kulturdepartementet og Norsk Tipping står bak prisen, som har mål om å skapa engasjement og fremja organisasjonane bak dei nominerte.

Av 300 nominerte er det no 6 finalistar.

Ei av dei er fysioterapeut Eli Johanne Stene frå Os. Ikkje for innsatsen med musklar eller ledd, men for rolla ho har som president i WIMA Norway (Womens International Motorcycle Association, Norway).

Du kan stemma fram til måndag klokka 08 om morgonen.

– Eg er glad for både alle nominasjonane og endå meir glad og overraska over å bli valt ut som ein av finalistane, seier Stene til Midtsiden.

– Og eg gler meg på vegner av organisasjonen, nominasjonsprosessen har gjort arbeidet vårt meir synleg. Dette er heller ikkje noko one man- eller one woman- show, vi er mange som jobbar saman med å inkludera flest mogleg i WIMA.

– Prisen blir velfortent uansett vinnar, arbeidet vårt held uansett fram! legg ho til.

Har 14 avdelingar i Norge

Vi intervjua Eli saman med MC-venninna Janet Lepsøy då dei i 2019 deltok i ein internasjopnal MC-stafett for kvinner.

Janet Lepsøy og Eli Johanne Stene er blant 17.000 kvinner i WRWR-nettverket. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògWRWR: Rekordstafett køyrer gjennom Os i ettermiddag

Etter stafetten jobba Stene med å grunnlegga ei norsk avdeling av WIMA.

– I dag har vi 14 avdelingar fordelt utover landet, frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør.

Av og for jenter på to hjul

Mange av dei kvinnelege MC-førarane i WIMA har kost seg med å vera «ein av gutta» i ulike venegjengar, og fortel om eit inkluderande motorsykkelmiljø på tvers av kjønn.

Men dei har samtidig hatt eit ønskje om ikkje å vera berre éi av få kvinner på to hjul.

– Vi jobbar med tre hovudområde; førarutvikling, teknisk vedlikehald og nettverksbygging.

WIMA arrangerer både førarutviklingskurs og kurs i teknisk vedlikehald.

– Det er greit å kunna stramma kjedet sjølv og å læra seg å plugga eit dekk, om du punkteret midt på Hardangervidda ein sommar.

– Og om våren, når både sykkel og førar er litt rusten, kan det vera greit å ha kunnskap om ein trygg start på sesongen.

– Ei fridomskjensle

Eli tok MC-lappen i 1991. Etter ein lang pause som småbarnsmor tok ho opp igjen tråden for knappe ti år sidan.

– Det er ei fantastisk fridomskjensle å køyra på tur med motorsykkel. Det gler meg å sjå at trenden aukar, og eg ønskjer å oppmoda dei mange jentene som køyrer eller har køyrd moped til å prøva motorsykkel ein dag.

– Eg forstår at dei set frå seg mopeden som transportmiddel når dei får sertifikat på bil, men det å køyra motorsykkel er noko heilt anna. Det handlar ikkje om å køyra fort, det er kjekkare å køyra i 50 km/t på svingete veg enn å ligga i 150 km/t på motorvegen i Tyskland.

– Generelt er det å køyra motorsykkel veldig sosialt, både ved å køyra og ta pausar i lag, men òg å svinga innom gamle venar som du, med fire hjul, kanskje ville ringt først for å spørra om dei er heime. Med MC er det lett å svinga innom, samtidig veit vertsskapen at du ikkje blir sitjande upassande lenge på spontanbesøket ditt, for du vil snart ut og cruisa igjen, seier Eli og ler.

Eksisterande kvinnelege MC-førarar inviterer ho til å sjekka ut WIMA.

– Du blir ikkje berre ein betre førar, du får eit stort og fint nettverk, du finn venninner å køyra med, du får anbefaling av fine ruter og - anten du er i Kristiansand eller Hamburg - så kan du svinga på ein kaffi hos ein likesinna. Eller få hjelp, om du har vanskar.

MC mot einsemd

Stene understreker òg den positive effekten WIMA, saman med mange andre fritidsaktivitetar, kan ha mot einsemd.

– Når det kjem til einsemd og psykiske vanskar er fellesskap ein vital bærebjelke.

WIMA Norway held mange av sine arrangement opne ikkje-medlemmar, mannlege venar og famile.

Dei samarbeider med fleire andre aktørar som òg har fokus på meistring, glede og samhald.

– Eit fantastisk arrangement saman med L.E.V.E. (Landsforeningen for etterlatte ved selvmord), fødselshjelp for den norske delen av Mens Shed (Menn i Skjul) og vellykka event saman med Distinguished Gentlemens Ride (movember-aksjonen) er blant desse.

Om prisen

Den nasjonale Frivillighetsprisen er en pris som hvert år deles ut av frivillig sektors samarbeidsforum Frivillighet Norge rundt FNs internasjonale dag for frivillighet den 5. desember til en person eller gruppe som har utmerket seg med frivillig innsats. Norsk Tipping har siden 2015 gitt 50.000 kroner til et formål utpekt av vinneren av Frivillighetsprisen.

Prisutdelingen ble overtatt av Frivillighet Norge fra Kultur- og kirkedepartementet i 2005.

Juryen for prisen ledes av styreleder i Frivillighet Norge og består blant annet av representanter fra Familie- og Kulturkomiteen på Stortinget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.