Fritid | 16. nov. 2022

Fylket sin frivilligpris til idé frå Lysefjorden

– Det handlar om meir enn det å vera utandørs.

André Marton Pedersen frå Lysefjorden nedst til høgre. (Foto: DNT Hordaland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. nov. 2022 19:45

Vestland fylkeskommune sin nye pris, frivilligprisen, blei i dag delt ut under fylkeskulturkonferansen på Hotel Norge.

«Gjennom prisen vil Vestland fylkeskommune heidra ein initiativrik person, organisasjon eller foreining som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska i Vestland. Den er ei viktig markering av at 2022 er Frivilligheitas år. »

Prisen gjekk til Turboklubben i Bergen og Hordaland Turlag.

– Her går natur, kultur og helse hand i hand, utan krav til utstyr eller økonomi, sa Stian Davies då han delte ut prisen på 50.000 kroner.

Turboklubben handlar om friluftslivstilbud i nærmiljøet for familiar med barn frå 4 til 12 år.

– Dette er heilt fantastisk, seier Linn Solberg, ein av turleiarane i Turboklubben i Bergen og Hordaland Turlag ifølgje fylkeskommunen si heimeside.

Det starta med Lysefjorden Turboklubb

Turboklubben spreidde seg etter at Lysefjorden turboklubb, som del av Os Turlag, blei etablert.

– Eg hadde akkurat flytta heim til Os og budde i Lysefjorden med familien min, då eg var på jakt etter friluftstilbod for ungar, seier André Marton Pedersen.

Han var med og tok imot prisen i dag.

– Dette var veldig gledeleg! Eg høyrde at det var over 50 søkjarar, det er stas at Turboklubben har spreidd seg, og at det blir lagt merke til kor mykje dette enkle lågterseltilbodet kan ha å seia for både ungane og heile familiar.

André Marton er tilsett i Bergen og Hordaland Turlag, og oppdaga at Odalen Turlag hadde eit lokalt opplegg dei kalla turboklubb.

– Odalen Turboklubb eksisterer dessverre ikkje lenger, men eg likte namnet og tok kontakt for å høyra om opplegget.

Dette var på tampen av 2015.

– Suksess blir målt i talet på timar utandørs, ikkje i kilometer, meiner André. Her saman med Bo, Lyder og Sune. (Privat foto)
Les ògTurbostart på året

Saman med fire andre foreldre opplevde Pedersen og Os Turlag enorm respons.

I 2016 var første tur i Lysefjorden Turboklubb. Den hadde heile 79 deltakarar!

– Eg delte suksessen med kollegaer i Bergen og Hordaland Turlag, dette såg eg på som noko andre lokalsamfunn også burde ha glede av.

Lysefjordingane fekk vi forma eit opplegg som fint kunne kopierast.

Etterkvart blei det laga ei prosjektstilling på det, og sidan har Turboklubben spreidd seg i Hordaland og over heile landet.

Å bli kjent med nærområdet - og kvarandre

Turboklubbane handlar ikkje berre om frisk luft.

Alle kan ta ungane med ein tur på leikeplassen, men ikkje alle har nokon å vera med, kjenner dei finaste turområda eller har kunnskap om friluftsliv.

Strandrydding på Buarøya laurdag 19. mars. (Foto: André Marton Pedersen)
Les ògVann ryddedag med pizza - bunkersvandring blei bonus

– Naturen er ein arena der alle kan oppleva meistring! Med ein klubb blir det dessutan sosialt, og med turleiarar får du oppdaga fleire stiar, fjører, leirplassar og gapahukar enn kva du kanskje hadde funne sjølv, om du er ny i nabolaget.

– Det handlar om det å vera ute, og å meistra, men også om å bygga gode nabolag.

2 i Os - 60 i Norge

No er det 16 turboklubbar i Vestland og 60 på landsbasis under Den Norske Turistforening (DNT) sin paraply.

I Os Turlag er det to, Lysefjorden og Ervikane. Ervikane Turboklubb på Strøno er ny av året.

André Marton Pedersen gir det 20 enkle tips til hvordan du krydrer dagsturen for voksne og barn.
Les ògTa med i sekken: 20 ting som gjør turen kjekkere

– Det handlar også om å læra, å få kunnskap og erfaring som gjer det meir koseleg å vera ute i naturen.

– Mange av dei vaksne lærer også nærområdet sitt, naboane og praktisk friluftsliv betre å kjenna på desse korte turane. Eg legg merke til at fleire foreldre strekk hals når ungane skal læra seg å laga ulike typar bål, dei vil også læra noko nytt.

Inkludering og god helse

I ei pressemelding i oktober fortalte DNT frå sentralt hald at dei utvidar satsinga på Turboklubben.

– Altfor mange barn lever i familiar med vedvarande låg inntekt. Derfor er tilbud som dette viktig, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT.

– Friluftslivet treng ikkje vera kostbart, og det er ein viktig bidragsytar til inkludering, god fysisk og psykisk helse og livskvalitet for stadig fleire.

I år er 34 nye klubbar etablert. Takka vera midlar frå Kavlifondet skal det startast endå fleire neste år.

– Bli med! Sjekk med DNT der du bur, eller sjå heimesida vår om korleis du kan starta ein turboklubb, er oppmodinga frå generalsekretæren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.