Sjå 4.juli-paraden passere Lekven
Video • 100 bilar i 4. juli-parade med feststemt publikum på Lekven.
Tradisjonen tru inviterte Os Amcar-klubb og Er-An Vegkro til storstilt feiring av 4. juli på ekte amerikansk vis.
Omlag 100 amerikanske bilar og motorsyklar stilte i paraden som gjekk frå Er-An klokka 18.50 ut til Halhjem, med retur via Os sentrum. Langs løypa hadde fleire tatt oppstilling for å få med seg dei tøffe bilane. Ein stad kor stemninga nok var på det høgste var brua over E39 på Lekven kor ein stor delegasjon av norsk-amerikanarar, naboar og vener frå Lekven hadde tatt oppstilling.
At førarane i paraden satte pris på amerikanske flagg og heiarop då dei passerte er det liten tvil om.
Sjå heile paraden i videoen over.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.