Politi | 15. aug. 2022

Skal ha blitt slått i ansiktet etter konflikt i båt

Ønskjer å anmelda forholdet til politiet.

Skal ha blitt slått i ansiktet etter konflikt i båt
Episoden skal ha funne stad i Strønevågen i Sørstrøno. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. aug. 2022 08:22

Fredag ettermiddag skal det ha vore ein episode mellom to båtførarar, der det blei spruta vatn og kasta ting frå den eine båten på den andre.

Politiet blei kontakta klokka 16.35.

– Dei to båtførararne er begge i 16-årsalderen. Meldar er bror til den eine, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

– Då den eine båtføraren la til land, skal han ha blitt slått i ansiktet fleire gongar av den andre båtføraren. Han ønskjer no å anmelda forholdet.

Fekk melding om festing og båtkøyring

Laurdag kveld klokka 23.30 fekk politiet tips om ungdomar som festa i nærleiken av Kysthospitalet, og at fleire av festdeltakarane køyrde båt.

Ein patrulje køyrde til staden.

– Det var ingen båtkøyring eller båtførarar å kontrollera, og alt framsto som greit.

Søndag frå klokka 14.50 til 18.30 var politibåten Kjølen i Os-skjergarden.

Dei fann ikkje noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.