Kultur | 29. mars 2019

Skal utfordra deg på lyd - du kan ta del i kunsten

24 spesiallaga høgtalarar i fokus når Speaker Park opnar i Oseana i morgon.

Skal utfordra deg på lyd - du kan ta del i kunsten
I morgon opnar utstillinga «Speaker Park» i Oseana. Mai Veronica Lykke Robles Thorseth og Leo Oran Preston står for konsept, regi og tekst. (Foto: Oseana)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 29. mars 2019 11:07

Speaker Park er ei utstilling med 24 spesialkonstruerte høgtalarar og nylaga musikk.

Utstillinga er eit samarbeid mellom seks kunstnarar og komponister, og inneheld både konsertar og workshops.

Kva har ein park med musikkteknologi å gjera?

Når vi tenkjer på en park så er det topologien, lydane som kjem frå ulike kantar- og dei mange ulike vegane man kan ta, som gjer hver enkelt park unik.

Den uvanlige utfordringa i dette prosjektet har vore å kombinera fridomen i uterommet, med det lydlige spekteret man elles kun kan oppleva i ein moderne kinosal.

Speaker Park er ein konsertinstallasjon som ber publikum revurdera forholdet sitt til musikkteknologi.

Ved å samla høgtalarprodusenter, kunstnarar, komponistar og musikerarar, ønskte prosjektet å styra unna det kommersielle hi-fi-markedet, og heller utfordra dei kriteria man vanlegvis legg til grunn når man vurderer lyd og lydsystemer.

Lytting i rommet

Under kvar framføring vil nye verk av Mari Kvien Brunvoll og Antti Sakari Saario fylle en park av spesialkonstruerte høgtalarar, utvikla av Jon Pigott og Roar Sletteland.

Publikum kan bevega seg rundt og lytta fra fleire ulike hald.

Speaker Park sitt lyttemiljø er eit open source, audiovisuelt kunstverk, som utfordrar kva vi ser på som et førsteklasses musikkanlegg.

Speaker Park er unnfanga og utvikla av Leo Preston og M. Veronica L. Robles Thorseth fra Wrap, og er eit eksempel på duoens særegne interesse for samarbeidsprosjekt. Den kollektive eksperimenteringen og forskninga er ein sentral del av verket.

Du kan droppa inn og skru lyd

Den 5-6 og 7. april vil elevar frå videregående skuler i Hordaland, saman med musikarar som har deltatt på drop-in felles-komposisjon framføra eit fellesverk.

1-5 april klokka 15.00 til 20.00 (3 april til kl. 18.00) vil det vera mogleg for publikum å koma innom utstillinga med eigne instrument og opptak.

Det vil òg vera mogleg å låna lydopptakar, spela inn bidrag på stedet, prøva ut innspillingane på installasjonen og miksa bidraget der og då.

Medverkende i Speaker Park er:

Mari Kvien Brunvoll og Antti Sakari Saario – komposisjon og lyddesign

John Pigott og Roar Sletteland – skulptur, høyttalerdesign og utforming

Leo Oran Preston and Mai Veronica Lykke Robles Thorseth – konsept, regi og tekst

Utstillinga står i Hvelvet fram til 7.april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.