Fotball | 11. sep. 2022

Skåra sitt første seniormål: Leah blei matchvinnar

Fin siger og to stygge skadar borte mot Vidar.

Skåra sitt første seniormål: Leah blei matchvinnar
Målskårarane Leah Hagevik Vedholm 1-0 (t.h.) og Vy Nguyen 2-0. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. sep. 2022 19:08

Os sitt damelag vann i går 0-2 borte over Vidar, og held med det fram den fine trenden etter sommarferien.

– No har vi tatt 6 poeng på dei siste 6 kampane. I tilsvarande 6 kampar i vår tok vi 0 poeng, seier trenar Ørjan Sandal nøgd.

– Denne gong stilte vi med tre 15-åringar og fire 16-åringar. Dei unge stiller med ein enorm entusiasme, dei litt eldre, men også unge spelarane, tar endå meir ansvar når dei no har fått ein endå lågare snittalder i troppen.

Leah Hagevik Vedholm skåra sitt første for damelaget då ho gav Os leiinga før pause, ei skåring som blei matchvinnande.

Vy Nguyen auka til 0-2 i 2. omgang.

– Begge måla kom som resultat av fine angrep etter same oppskrift som vi øver på, ned på sidene og innlegg langs bakken.

– Leah fekk eit innlegg av Vy, og skåra kontant og hardt på første touch. Vy skåra på innleggav Agathe Lekven.

Vidar - Os 0-2 (0-1)
Målskårarar: Leah Hagevik Vedholm og Vy Nguyen
Os: Maria Hatvik Flister - Kine Ullensvang Moland, Amalie Aunet Frekhaug, Tiril Søreide Solberg, Lilly Skarstein Kjetland - Tina Skogedal, Malin Solstrand Ludvigsen. Lenea Hjelle Fløysand, Agathe Cöllestine Lekven - Vy Mai Nguyen og Leah Hagevik Vedholm.
Innbytarar (alle med speletid): Hanna Groth-Bugge, Helene Gjertinsen Klett og Birgitte Røssland Håvik.

«Takka høfleg nei» til skåring

Os skapte fleire store sjansar, og Agathe var blant dei som var nær skåring.

– Ho kom åleine med keeper, som kom tidleg ut for å pressa. Agathe skaut forbi, og ballen trilla mot mål.

Der kom Tina, som lett kunne ha putta den, men som ikkje ville stjela skåringa frå Agathe.

– Og så trilla ballen rett utanfor mål i det som kunne vore 0-3, fortel Ørjan og ler.

– Det var høfleg og fint tenkt av Tina, men eg tippar at ho skyter neste gong, legg han til.

To beinbrot

Andrine B. Kvittingen fekk strekk i førre kamp og sto over.

Sandal tar normalt berre 14 spelarar med til bortekampar som er lang reiseveg vekke, så alle får mykje speletid når dei først bruker dagen på å reisa på tur.

Laurdag fekk han verkeleg bruk for alle.

– Dessverre så fekk vi to litt stygge skadar. Leah braut armen eit lite stykke ut i andre omgang, Agatha knakk kragebeinet nær slutten av kampen.

– Ingen av dei var i stygge duellar, men i møte med bakken etter duell. Agathe blir nok vekke ei stund, er vi heldige kjem Leah seg fort, og får rett type gips, så ho kanskje får med seg nokre kampar til på tampen av sesongen.

Os speler neste kamp heime mot Haugesund søndag om ei veke (kl 14).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.