Os Fotball dame | 15. aug. 2022

Ungt damelag overraska med siger over Arna-Bjørnar 2

Tre debutantar, tre 15-åringar og tre 16-åringar då Os slo Arna-Bjørnar 2 «borte på heimebane».

Ungt damelag overraska med siger over Arna-Bjørnar 2
Dei yngste jobba knallhardt, dei meir erfarne leverte også varene. Vy og Malin skåra kvar sitt i kveldens siger. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. aug. 2022 21:36

Damelaget til Os, som har hatt ein tøff vårsesong med berre éin siger på dei første 11 kampane i ny divisjon (2. div), starta i dag haustsesongen med kamp mot Arna-Bjørnar 2.

Det som skulle vore ein bortekamp gjekk grunna praktiske årsaker heime hos Os på Kuventræ.

Arna-Bjørnar 2 gav Os ein kalddusj i vår, og vann 0-8.

I dag vann Os 0-2 etter skåring av Vy Nguyen og Malin Solstrand Ludvigsen.

– Denne såg eg ikkje koma, det gjorde neppe spelarane heller.

– Ein fantastisk innsats og lagmoral blei vist i dag, av eit svært ungt og uerfarent Os-lag. Eg hyllar prestasjonen, seier trenar Ørjan Sandal.

Rutine mot debutantar

Arna-Bjørnar stilte utan Linnea Sælen og Tomine Svendsen, men 6 av dei 10 utespelarane som starta i dag er dei same som i vår, og 7 av dei 10 utespelarane har spelt i Toppserien denne sesongen.

Os har på si side mista nesten ein halv startellevar. Tre spelarar er i militæret, éin har flytta for å gå politihøgskule og eit par er framleis ute med skade.

All Os si rekruttering i sommar er frå eigne rekker.

– Tre av spelarane vi brukte i dag er fødd i 2007. Vi hadde brukt fleire om alle var uskadd. Tre andre er fødd i 2006.

Tre av dei er debutantar; Maria Hatvik Flister (keeper), Lilly Skarstein Kjetland og Helene Gjertinsen Klett.

– Vi var unge frå før, i dag var vi endå yngre. Dei eldste tok tak og var gode leiarar, dei yngste viste ein enorm arbeidsmoral, skryter Sandal.

– Ja, Arna-Bjørnar trilla mykje ball, det er dei gode på. Men jentene våre jobba knallhardt for å tetta rom, og så var vi dyktige i angrep.

– Då gjestane skapte sjansar var keeper ute og rydda opp.

Les ògKurt Monsens minnefond-pris til Maria og Sebastian

Sandal er spesielt imponert over måten keeperen Maria Hatvik Flister spelte i debuten.

– I dag framstår ho som ein landslagkeeper. Maria har mange gode involveringar, fleire fine redningar og køyrer ein autoritær stil.

– Det er tøft å sjå ein 15-åring gå ut og styra eit seniorlag i debuten, ein sann fryd! synest Os-trenaren om talentet som i fjor fekk pris frå Kurt Monsens Minnefond.

– Vi kan ikkje venta at jentene skal prestera så bra som dette resten av sesongen, men eg trur eg kan lova at dei kjem til å halda fram med å jobba hardt og med å ta ansvar kampen gjennom. Dette skal gi god utvikling for mange av dei unge jentene utover hausten.

Arna-Bjørnar 2 - Os 0-2 (0-2)
Målskårarar, Os:
Vy Mai Nguyen (6.) og Malin Solstrand Ludvigsen (27.)
Os: Maria Hatvik Flister (debut) - Kine Ullensvang Moland, Mariell Sivertsen, Tiril Søreide Solberg, Lilly Skarstein Kjetland (debut), Malin Solstrand Ludvigsen, Lenea Hjelle Fløysand, Agathe Cöllestine Lekven, Tina Skogedal, Vy Mai Nguyen og Andrine Brunvatne Kvittingen (kaptein).
Innbytarar med speletid: Hanna Groth-Bugge, Helene Gjertinsen Klett (debut), Kristina Haugland og Leah Hagevik Vedholm.

Os speler dei to neste kampane på bortebane, førstkomande laurdag står serieleiar Viking for tur.

Neste heimkamp er søndag 4. september mot Bryne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.