Politi | 20. des. 2021

Skreiv ut 15.000 i forelegg

Politiet hadde kontroll ved Vognhallen søndag.

Skreiv ut 15.000 i forelegg
Politiet sto ved Vognhallen i går. Der blei det tre reaksjonar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. des. 2021 07:21

Søndag i 12-13-tida hadde politiet trafikkontroll i Os sentrum.

– Patruljen sto i Mobergsbakken ved Vognhallen og hadde fokus på åtferd, altså beltebruk og eventuell bruk av handhalden mobiltelefon, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Dei fann tre bilistar å reagera på, alle for ulovleg bruk av mobiltelefon.

Straffa for ulovleg mobilbruk auka kraftig 1. januar i år.

Storleiken på forelegget auka frå 1.700 til 5.000 kroner, mengda prikkar frå to til tre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.