Skreiv ut åtte forelegg
Mange fartssyndarar på Moberg.


Tysdag i 13.50-tida gjennomførte UP laserkonroll på Moberg.
Der blei det skrive ut 8 forelegg. Høgaste målte fart var 86 km/t.
Det var ikkje opplyst i rapporten kvar på Moberg dei sto, men vi har fått stadfesta at det var på vekta langs E39 Halhjemsvegen, der fartsgrensa er 70 km/t.
Det betyr at 86 km/t resulterte i eit forelegg på 5.150 kroner og to prikkar på førarkortet.
Litt over klokka 21 tysdag kveld fekk politiet melding om påkøyrd hjort på E39 Byvegen ved Er-An på Røykenes.
– Ingen personar er skadd, men bilen fekk knust ei frontlykt, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Hjorten løpte frå staden, viltkontakt er varsla.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.