Politi | 04. okt. 2022

Seks bilistar køyrde for fort ved skule og barnehage

Politiet sto med laseren i 13.40-tida i går.

Seks bilistar køyrde for fort ved skule og barnehage
Politiet sto med laser på Hegglandsdalsvegen ved barnehage og skule i 13.40-tida i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. okt. 2022 07:40

Måndag hadde politiet fartskontroll på Hegglandsdalsvegen.

Dei sto med laser ved barnehage og barneskule rundt skuleslutt i 13.40-tida.

– Det blei skrive ut seks forenkla forelegg, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Høgaste målte fart var 61 km/t i 50-sona.

Det tilsvarer 4.150 kroner og to prikkar på førarkortet.

Klokka 19.44 i går fekk politiet melding om påkøyrd hjort mellom Samnanger og Os.

Viltkontakt blei varsla.

– Ingen personar er skadd, men det skal ha kome ein bulk i bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.