Meining | 03. sep. 2023

Skular i fokus

DEBATT: Saker om skulestruktur er store, komplekse og avgjerande for bygdene våre.

Skular i fokus
Innlegget er forfatta av Espen Aspenes (t.v.) og Terje Søviknes (t.h.). (Pressfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 03. sep. 2023 10:47

Den pågåande utgreiinga av skulestrukturen i Bjørnafjorden gjer at mange veljarar har spørsmål om prosessen no i innspurten av valkampen. Alle parti skulle nok ynskt at dei kunne gje klare svar på alle spørsmål.

Slik er det diverre ikkje, og nedanfor vil vi freista å forklara kvifor.

Bjørnafjorden er i ein pressa økonomisk situasjon, og tidlegare i år utarbeidde PWC tre rapportar om dei viktigaste tenesteområda i kommunen; helse og velferd, samfunnsutvikling og oppvekst.

Rapportane presenterte ei rekkje tiltak for å redusera driftskostnadane til kommunen. Nokre tiltak kunne kommunestyret vedta gjennomført allereie i vår.

Andre tiltak trong meir utgreiing før politikarane kan ta stilling til dei.

Tiltaka knytt til skulestruktur, med mogeleg nedlegging av seks skular, var av ein slik karakter.

PWC-rapporten var svært overordna på dette punktet, og eit breitt fleirtal i kommunestyret konkluderte i slutten av mars med at ein trong å få gjennomført ei meir detaljert konsekvensutgreiing knytt til kvar skulekrins før ein kunne fatta endeleg vedtak.

Talet på skular vi skulle sjå på vart imidlertid redusert til fem, då kommunestyret raskt konkluderte med at reisevegen frå søre luten av kommunen til Eikelandsosen ville bli for lang for elevar som i dag går på Baldersheim barneskule.

Det tyder at administrasjonen no er i gang med å utarbeida detaljerte konsekvensanalysar av Strøno barneskule, Halhjem barneskule, Os barneskule, Fusa barneskule og Ådlandsfjorden barneskule.

Kommunestyret gav føringar om at vi for kvar krins og skule m.a. skulle sjå på;

  • Økonomiske konsekvensar
  • Behov for investeringar på skular som eventuelt skal ta imot elevar
  • Konsekvensar for skyss
  • Vurdering av kvalitet i opplæringa
  • Konsekvensar for nærmiljøet
  • Elevframskriving/folketalsprognosar/utbyggingsområde
  • Eventuell anna bruk av bygg og areal
  • Eventuelt andre konsekvensar

I tillegg vedtok kommunestyret at kommunedirektøren skulla komma med ei skisse for medverknadsprosess knytt til kvar skule.

Samla er dette eit omfattande arbeid, og sak frå administrasjonen er venta til handsaming i kommunestyret i desember.

Saker om skulestruktur er store, komplekse og avgjerande for bygdene våre. Fremskrittspartiet har difor stor respekt for den prosessen som no går. Vi skal ha alle fakta på bordet, alle konsekvensar skal vurderast og vi skal ta oss tid til å lytta på engasjerte foreldre og bygdefolk.

Det ville difor vore useriøst om vi allereie no, midt i prosessen, skulle konkludert i saka.

Vi kan imidlertid forsikra elevar og veljarar om at vi skal handsama kvar skule grundig, basera oss på fakta og strekkja oss langt for å unngå nedleggingar.

Eventuelle strukturtiltak på skule må også setjast inn i den samla økonomiske situasjonen til kommunen.

Frå FrP si side vil vi trekkja fram fem hovudgrep for at kommunen skal komma i økonomisk balanse;

1. Realisera dei tiltaka kommunestyret vedtok å realisera i vår, ref. PWC-rapportane.

2. Henta ut ytterlegare effektiviseringsgevinst i administrasjonen etter kommunesamanslåinga.

3. Halda att på driftskostnadane dei neste 2-3 åra, dvs. ikkje auka driftskostnadane ut over løns- og prisstigning. I same periode vil folketalet auka med 3-400 personar pr år, noko som gjev auka rammetilskot og skatteinngang til kommunen. Gradvis vil budsjettbalansen då betra seg.

4. Halda att på lånefinansierte investeringar i kommande fireårsperiode. Dette vil redusera rente- og avdragskostnadane i driftsbudsjettet til kommunen.

5. Styrka inntektssida i kommunen gjennom JA-haldning i arealpolitikken (bustadbygging), leggja til rette for næringslivet og få fart på utviklinga av Lyseparken (tomtesal).

Vi trur at eit stabilt og tydeleg politisk fleirtal i kommunestyret den kommande 4-årsperioden vil vera best i stand til å realisera desse grepa. Det vil også bidra i saka om skulestruktur.

Gamle Os kommune stod i ein tilsvarande økonomisk situasjon i 1999, og mange ropte på eigedomsskatt.

FrP og Høgre vann den gong valet, og vi fekk eit tydeleg politisk fleirtal i kommunestyret. Vi lukkast då med å få orden på økonomien, og det utan å innføra eigedomsskatt.

I FrP er vi klar til å ta fatt på oppgåva ein gong til om de gjer oss tillit 11. september.

Stem trygt i år, stem FrP lokalt!

Terje Søviknes (FrP)
Ordførarkandidat

Espen Aspenes (FrP)
3. kandidat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.