Meining | 01. sep. 2023

Tid for eldreforlik

DEBATT: Våre eldre fortener betre.

Tid for eldreforlik
Terje Søviknes. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. sep. 2023 12:18

Gode helse- og omsorgstilbod skal gje kvar og ein av oss tryggleik gjennom livet. Likevel kjem det også i denne valkampen opp ei rekkje mediesaker om uverdige forhold innan eldreomsorga.

Sist var det TV2 som har kartlagt at 3000 eldre står på kø for sjukeheimsplass. Slik kan vi ikkje ha det.

Difor har Fremskrittspartiet ved partileiar Sylvi Listhaug no tatt initiativ til eit breitt eldreforlik mellom partia på stortinget.

Skal kommunane løysa denne oppgåva i framtida kjem vi ikkje utanom ei eller anna form for direkte statleg finansiering av omsorgstenestene.

Dagens finansieringsmodell, med rammefinansiering av kommunesektoren, dekkjer openbart ikkje kommunane sitt behov slik at dei kan prioritera eldreomsorga høgt nok.

Om ikkje noko skjer styrer vi med opne auge mot ein kollaps i omsorgstenestene. Kommunane vil mangla både pengar, helsepersonell, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Og den enkelte kommune vil ikkje kunne løyse utfordringane kvar for seg.

Bjørnafjorden kommune står midt oppe i dette allereie no, med krevjande kutt i heile omsorgssektoren.

Dette er svært utfordrande, ikkje minst for våre tilsette som kjenner på utryggleik, og at dei ikkje strekk til i kvardagen. Dette er vondt for dei tilsette, bebuarar og pårørande. Og det hjelper ikkje på den største utfordringa i sektoren - rekruttering av fleire folk til omsorgssektoren.

FrP meiner rikspolitikarane no må samla seg om eit breitt forlik, som kan stå seg over tid, skapa føreseielege rammer og ro i sektoren.

Og da må staten, som sitt på den store pengesekken i Norge, på banen før det er for seint.

I vår kommune hadde vi svært gode erfaringar med Statleg finansiering av omsorgstenestene (SiO) fram til forsøket brått vart avslutta i 2021.

I forsøksperioden fekk vi direkte statleg finansiering av omsorgstenestene basert på innbyggjarane sine behov, god oversikt over tildeling av tenestene og rom for kompetanseoppbygging og satsing på velferdsteknologi.

Skal vi lukkast med utbygging av eldreomsorga treng vi også å ta i bruk alle gode krefter; både ideelle aktørar, kommersielle aktørar og kommunane sjølv. Det vil stimulere til kreativitet, innovasjon og nyskaping innan omsorgssektoren.

Vi vonar at dei andre partia no tar imot FrPs invitasjon om eit brett eldreomsorgsforlik etter modell av barnehageforliket frå 2003.

Den gong stod 23.000 barn utan barnehageplass, og den uvanlege alliansen FrP og SV fekk med seg stortingsfleirtalet på eit forlik som sikra full barnehagedekning i løpet av få år.

Forliket baserte seg på lik handsaming av private og kommunale barnehagar, samt sikra direkte statleg finansiering av utbygginga.

Det er fullt mogeleg å sjå for seg ein liknande modell for å sikre ei naudsynt oppbygging av eldreomsorga.

Då vil vi kanskje unngå at eldreomsorga må bli valkampsak i enda fleire valkampar dei neste tiåra. Våre eldre hadde fortent det.

Stem trygt i år, stem for ei betre eldreomsorg. Stem FrP lokalt!

Terje Søviknes (FrP)
Ordførarkandidat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.