Jakt, fiske og natur | 14. okt. 2022

– Skummelt å sjå på

Erfaren sjømann reagerer på at teinefiskarar legg ut i småbåt i dagens vêr.

Innringar reagerer, og meiner båtførar tok på seg unødig stor risiko i dag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. okt. 2022 14:00

Ein innringar til redaksjonen ønskjer å koma med ei åtvaring til fiskarar og andre båtfolk.

– Det går jo knapt ei veke utan at vi høyrer om forlis og leiteaksjonar, og så ser eg folk i ein open, liten båt i bølgjene utanfor Os hamn i dag. Det var skummelt å sjå på, seier han.

Innringar er sjølv ein erfaren sjømann, og synest ikkje dagens forhold var gode nok for småbåtar.

– Spesielt ikkje når du då skal byrja å dra teiner, og vekta av teina kjem i tillegg.

Det bles friskt frå sør, og bygde seg opp bølgjer store nok til å slå over moloane i dag.

Steinneset i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Eg håper folk er litt meir varsame, og at foreldre følgjer med om det er ungar eller ungdom som skal ut og dra teiner. Det er flott om ungdomen fiskar, og at dei ikkje er lettskremte, men ein viss respekt for sjøen og vêrforholda skal du ha.

– Vi har dessverre sett fleire som har feilvurdert den siste tida, legg han til, og viser blant anna til ulykka på Bulandet for ei veke sidan.

Bulandet: Hamna under båten

Tauverk festa til ei av teinene kom inn i motoren, i samband med ulykka på Bulandet.

Båten blei ført mot land kor bølgjene slo over dei to vaksne om bord, opplyser Vest politidistrikt.

Dei kom seg opp i båten igjen, men ei ny bølgje kasta båten rundt så den blei liggande med kjølen opp.

Mannen kom seg opp, ei kvinne og eit barn blei liggande igjen under båten.

Kvinna omkom, barnet er alvorleg skadd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.