Slåstkamp på privat fest
– Han hadde fått seg ein kilevink.


I 04-tida natt til søndag fekk politiet melding om slåstkamp på ein privat fest i Os aust.
– Ein av gjestane hadde «klikka», og gått laus på andre gjestar, men dei andre fekk han ut av huset, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Han hadde vandra frå festen med to damer, og patruljen møtte han på veg til staden.
– Det var tydeleg at han sjølv også hadde fått seg ein kilevink, men ingen var alvorleg skadd.
Vedkomande er i 20-åra. Fornærma, som var igjen på festen, vurderer å melda episoden. Ingen var alvorleg skadd.
Fire tatt for ulovleg mobilbruk
Både fredag klokka 22.20 og søndag klokka 23 blei bilar avskilta grunna manglande forsikring.
Laurdag hadde politiet trafikkontroll på Byvegen i to timar utan å finna noko å reagera på.
Men i løpet av laurdagen stoppa dei fire andre bilistar, to menn og to kvinner, for ulovleg mobilbruk.
Straffa for dette blei skjerpa 1. januar i år, så det blir 5000 å betala og tre prikkar på førarkortet på kvar av dei.
Hund funnen - kattar påkøyrde
Fredag i 14.50-tida fekk politiet melding om laus hund i Mobergsvikjo. Denne var nærgåande, på jakt etter maten til badegjestane.
Viking blei tilkalla, men då dei kom til staden dukka også hundeeigar opp.
Søndag i 20-tida blei ein katt påkøyrd på E39 ved Bergstø på Søfteland.
– Katten sprang vidare, men sg skadd ut. Patruljen var på staden og leitte etter katten, utan å finna den. Det er ikkje notert noko skildring av katten i saka.
Klokka 20.10 fekk politiet melding om funn av død katt i Hegglandsdalsvegen. Katten er raud og kvit.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.