Sledetur med VR-briller og songkonkurranse med Radio Bergen
– Charlotte ramsa opp ønskelista si då ho helste på Coca Cola-nissen i dag.
Randi Kolskogen på Spar og resten av AMFI Os har i dag Coca Cola Christmas Caravan på besøk.
Inne på Spar er det fleire akitivtetar, utanfor sit nissen mellom partytelt og bålpanner.
– Eg ønskjer meg perler. Og teiknesaker, seier Charlotte (5) mens ho helser på nissen.
Nissen sjølv fortel om ein fin tur sørover frå start i Tromsø.
– I går var vi i Gaupne (aust for Sogndal), i morgon skal vi helsa på folk på Ravnaberg ved Stavanger.
– Eg saknar medisterkakene på Er-An Veikro, men det er veldig kjekt at vi blei invitert til å stoppa her på AMFI Os, synest han.
Saman med nissemøte byr Cola på lykkehjul og sledetur.
Cola er på plassen til klokka 18 i dag. Dei siste to timane er Lysekloster rideklubb på plass med ponniriding.
I 14-tida, ein time etter ankomst, sladda 5000 Radio Bergen inn på plassen.
Dei energiske programleiarane Kjellemann og Ronja deler ut gåvekort og lokkar med weekend på Haaheim Gard på Tysnes som hovudpremie til dei som syng på radio.
– Kom og syng! oppfordrar Kjellemann, som allereie har hatt både intervju med «nissemor» Randi og hatt dei første konkurrentane innom mikrofonen.
– Det kjennest som om heile Os er her! seier energiklumpen Kjellemann, som blir på staden til 15.30 i dag.
I morgon kjem Lego Masters til senteret igjen, søndag er det julemarknad.