
Os Rock City 16: Gina Aspenes – frå Idol til eige studio
Ho har fått ros, rystande beskjedar og gjev pris. Kva no, Gina?

Ho har fått ros, rystande beskjedar og gjev pris. Kva no, Gina?

Os Kammerkor briljerte på jubileumskonserten. Det gjorde gjestane òg.

Med humoristiske betraktningar om si eiga musikalske reise har Jon Hægland endeleg funne sin eigen tone og retning.

Den tidlegare hardtslåande trommeslagaren har gått over til tempofylt, elektronisk psykedelisk trance med sitt nye prosjekt Natural Connection.

Tore Bratseth fortel historia om korleis det heile starta – frå eit lite miljø der berre fem–seks ungdommar delte interessa for ekstrem musikk, til ei rørsle som skulle setje Noreg på verdskartet.

Med Cato Berge og Tore Bratseth som gjestar.

Ordførar Terje Søviknes, forfattar Lars Saabye Christensen (!) og rockeorakelet Tore Bratseth er blant dei som skal prega Holtbrekka fredag og søndag.

I 2013 blei han rikskjendis over natta. Seinare har han sett rekord i Oseana, turnert med Bjørn Hellfuck og sunge under gravferder.

«Dette her er heilt sant. Det står om det i boken.»

Ole Reinert Berg-Olsen har ikkje gitt ut album sidan før pandemien. Men no skjer det ting – inkludert eksklusiv framføring av ny låt i denne episoden.

Travel sommar i Tyskland: Notörious deler historikk, planar og byr på ei eksklusiv, akustisk framføring.

Kjetil Osablod Grønvigh kom heim, etter fire år i London, til nesten tom stove i Teigenhuset . Kva tenkjer han om rockeklubben i dag og framover?

Eivind Hodneland har mange eventyr og eit spennande tilbod frå London å sjå tilbake på. I mai gjorde han comeback.

Stine Kobbeltvedt var vokalist og frontfigur i jenterockebandet Furia frå Os. Debutalbumet til Furia selte til gull i 2003, så venta europaturné med den amerikanske funk-rock-stjerna.

Dagens gjest, Thomas «TomTom» Haugland, starta som trommis heime i Os. Dei siste 25 åra har han produsert for fleire av dei største artistane i Norge.

Rockeveteran og fersk forfattar, Kjell Engelsen Moberg, er dagens gjest.

Kan festivalen veksa vidare? Stemmer det at første frø blei sådd på Peppes? Christer frå The Strils serverer her ei urframføring. Om Søfteland.

Kor hentar han arbeidskapasiteten frå? Korleis taklar han motgang og riksdekkande kritikk?

Dagens gjest er Torkjell Rød, dagens sidekick er Olav Skorpen.

Fleire sjangrar står på menyen, men vi startar med rock. Første gjest er Alexander Dymbe.

Første episode ligg ute som både video- og podkast.

Då brystkreftdiagnosen kom som lyn frå klar himmel, bestemte Marita Haugland seg for å ta sjukdommen på eigne premissar. Ho inviterte venninner til ei høgtideleg stund med saks og sjampanje, slik at ho fekk fjerne håret før kreften kunne ta det.

Ei siste helsing: - Alle andre tar feil.

Ekspert-året 2025