- 13. jan. 2021

Første smittetilfelle sidan fredag

Er smitta av nærkontakt.

Første smittetilfelle sidan fredag
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. jan. 2021 11:43

Etter tre smittetilfelle tysdag for ei veke sidan og tre nye på fredag - alle i samband med innreise til Noreg - kom tre dagar utan nye covid-19-tilfelle i Bjørnafjorden kommune.

I dag fortel kommunen om eitt nytt tilfelle tysdag 12. januar.

Den smitta er ein mann i 40-åra. Han er smitta av nærkontaktar som tidlegare har fått påvist covid-19.

Det betyr at han var i karantene då han blei smitta, og derfor ikkje har nye nærkontaktar.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

Til no i 2021: 17
Totalt smitta: 120
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle

Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.