Søfteland, Lambach og Lund gjennomfører konserten

Deler det i to rundar i Os kyrkje.

F.v.: Eirik saman med pianist Vidar Eldholm og medvokalistane Heidi Lambach og Chris Lund i Os kyrkje i fjor. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. des. 2021 21:34

Mens fleire konsertar før jul og i romjula har blitt avlyste, vel Elvehuset å gjennomføra juleforteljingar med julemusikk laurdag, og Blue Note Shuffle-konsert vesle nyttårsaftan.

Jostein Eck har avlyst mykje, men laurdag blir det både levande arrangement og streaming. (Foto: Ørjan Håland)
Les ògTaper mykje pengar - deler likevel ut underhaldning

Begge blir, i tillegg til ei kraftig redusert publikumsmengde på huset, streama på YouTube.

Eirik Søfteland, som er annonsert saman med Lambach & Lund i Os kyrkje søndag, vel også å gjennomføra trass dei strenge smittevernreglane før jul.

– Vi har lov å ha 50 publikummarar i kyrkja. Når vi deler det i to, så er den opprinnelege klokka 20 utselt og ekstrakonserten 17.30 har nokre ledige plassar, sa Eirik til Midtsiden tidlegare fredag.

Humor og improvisasjon

Det er tredje år på rad at den multimusikalske osingen syng saman med den leikne vokalistduoen i Os kyrkje.

– Ja, no er det vel nesten sånn at vi kan kalla konserten ein tradisjon! Vi har det veldig kjekt saman, oss tre i den fantastiske pianisten Vidar Eldholm, som er fast del av Lambach&Lund.

Lambach&Lund består av vokalistane Chris Lund og Heidi Lambach og pianisten Vidar Eldholm.

Dei har samarbeidd sidan 2012, og har «høy kunstnerisk kvalitet, ispedd en stor dose humor, sjarm og improvisasjon» som sitt varemerke.

Søfteland mista 2 av 6 før jul

Før Eirik skulle førebu seg på å synga med Lambach&Lund, song han helg etter helg på Quality Hotel Edvard Grieg.

– Julebordsopplegget hadde plass til 750 gjestar per kveld, og det meste var utselt.

– Vi merkte den siste helga at det var nokre avbestillingar i siste liten, og var vel nede 470 den eine fredagen.

– Men vi fekk gjennomført to av tre helger, og skal vel vera nøgd slik det har blitt no inn mot jul.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.