F.v.: Fredrik Seliussen, Marianne Stigset, Terje Søviknes og Nina Jensen i møtet på Fornebu i dag. (Privat foto)

Søviknes optimist etter møte om Røkke-tårn i Lyseparken

– Vi føler det gjekk så bra som det kunne gå, seier ordføraren etter dagens møte på Fornebu.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I februar sa Terje Søviknes at han ikkje var framand for å undersøkja om Lyseparken kunne vera passande destinasjon for The Big Blue, «Verdenshavenes hovedkvarter», skyskraparen som Kjell Inge Røkke sitt selskap Rev Ocean ønskjer å realisera.

I dag var han, saman med Lyseparken-direktør Fredrik Seliussen, i møte med Nina Jensen og kommunikasjonsrådgjevar Marianne Stigset hos Rev Ocean på Fornebu.

– Vi fekk presentert status og planar for Lyseparken, og dei stilte med gode spørsmål. Vårt inntrykk etter møtet var at det gjekk så bra som det kunne gått i denne omgang, seier ordførar Terje Søviknes til Midtsiden.

Rev Ocean vil bruka 2019 på å jobba med innhald i skyskraparen, for å få dei rette partnarane og leigetakarane. Så kjem vidare sortering av aktuelle destinasjonar, der Os skal vera ein av 15 ulike norske kommunar, som anten ved ordførar eller andre, har retta seg mot Røkke-selskapet for å koma i dialog.

Perfekt match

Ambisjonen er å samla kompetansemiljø på hav, både akademisk og innan næringsliv, i eit forretningsbygg på over 200 meter, med 60 etasjar.

Bygget, som får 60.000 kvadratmeter, men eit fotavtrykk på berre 3 mål, skal ikkje berre husa kompetanse på havet, det skal i seg sjølv vera det mest miljøvenlege forretningsbygget i verda.

– Det blei tydeleg i løpet av møtet at Rev Ocean sine ambisjonar for bygget er perfekt match for våre konkrete planar for Lyseparken.

• Les òg: 12.000 arbeidsplassar og sjølvforsynt på energi (Midtsiden, november 2018)

– Vi fekk dessutan ei avklaring på at «The Big Blue» ikkje treng å ligga ved sjøen. Rev Ocean kjenner naturlegvis òg godt til dei klyngene av kompetanse og næring som er i bergensområdet.

I luftlinje ligg Lyseparken 1,5 kilometer frå nærmaste strandlinje.

Spørsmål og stemninga i Os

– Kva spørsmål hadde Rev Ocean om Lyseparken?

– Dei ville ha informasjon om området, områda rundt og status for dagens planar.

– Dei lurde dessutan på kva vi trudde om den politiske stemninga i Os, om eit eventuelt slikt bygg ville møta sterk motstand. Her svarte eg at vi ikkje har diskutert temaet politisk, men at eg, ut frå kommentarar på sakene som har vore i media, førebels har inntrykk av at det er tverrpolitisk positiv interesse for prosjektet så langt.

Søviknes kjenner Nina Jensen frå før. Nina er søster til partileiar i Frp, Siv, og var leiar i WWF i Noreg, eit organ Søviknes hadde ein del dialog med i si tid som olje- og energiminister.

– I førre intervju snakka du om dialog med andre kommunar, og fylkeskommunen, for å sjå om det er mogleg å koma med eitt forslag frå regionen. Parallelt med at du har venta på denne møtedatoen, har du òg starta denne dialogen med nabokommunane?

– Nei. Eg ser for meg at vi kan ta ein første prat om dette i samband med neste gang vi er samla, for eksempel i ein pause i neste forhandlingsmøte om byvekstavtalen 8. april.

I mellomtida har Jensen og Søviknes blitt einige om å halda kontakten.

Fleire saker