Sport | 02. feb. 2012

Spelte for Stabæk

Men fotballframtida er framleis uviss for Bjarte Haugsdal.

Spelte for Stabæk
Bjarte Haugsdal i kamp for Brann 2. (Arkivfoto: Brann.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. feb. 2012 09:45

Medan Vegard Leikvoll Moberg framleis er i Åsane, Bjørn Dahl har lagt opp og Mats Cato Moldskred har gått til den svenske Superettan-klubben IK Brage er den fjerde toppfotball-spelaren frå Os, Bjarte Haugsdal, framleis på jakt etter ny klubb.

Etter tre sesongar for Brann blei det ikkje ny kontrakt på den unge osingen, som i haust var i danske AGF og prøvde seg. Danskane har ikkje vist interesse etterpå, men på nyåret tok Bjarte turen til Bærum for å trena med Stabæk.

– Eg trente med Stabæk i ei veke og var tilbake veka etterpå for to nye økter og ein treningskamp mot Start fredag for ei knapp veke sidan, fortel Bjarte til Midtsiden.

Spelte heile kampen

Haugsdal føler han gjorde det godt i kampen, der han spelte høgrekant i 90 minutt og skaffa laget straffe.

Ein annan tok straffen og missa. Stabæk tapte 2-4.

– Eg fekk eit godt inntrykk av klubben og stemninga i laget. Det var ei fin blanding av gøy og seriøsitet, eg fekk inntrykk av at det var eit godt samahald av lærevillige spelarar, fortel Bjarte.

Trener for seg sjølv

Medan Bjarte ventar på svar frå Stabæk eller interesse frå andre klubbar er han heime i Solheimsviken i Bergen.

– Korleis held du deg i form no når du er utan klubb?

– Det blir eigentrening i form av jogging og nokre fotballøkter med kameratar. Vi låner Nymark sin bane når den har ein ledig krok, fortel Bjarte, framleis med is i magen før 2012-sesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.