Stadane der det normalt er sjekkpost under Ulvenmarsjen er no huka av i appen «Bjørnafjordjakta».
Stadane der det normalt er sjekkpost under Ulvenmarsjen er no huka av i appen «Bjørnafjordjakta».

Spreier Ulvenmarsjen utover ein heil månad

I tillegg kan du ha innsjekk i VisitBjørnafjord sin app. Om du vil.

Kjetil Vasby Bruarøy
11. september 2020 - 19:57

Først blei Ulvenmarsjen utsett frå april til september, så kom restriksjonar som blant anna førte til maks 200 + 200 deltakarar, påmelding utelukkande digitalt i forkant og og ingen tur innom sekretæriatet før ved målgang.

Med aukande smitte i Bergen kom det denne veka nye endringar i marsjen.

– Det blir heller ikkje sekretæriat ved målgang, i tillegg opnar vi for gjennomføring kor tid som helst i løpet av ein månad fram, seier styremedlem i Søfteland Turn & Idrettslag, Morten Jensen.

Søndag 11. oktober er siste sjanse å gjennomføra den 42. utgåva av Ulvenmarsjen. Men du må vera påmeldt innan 18. september,

– Over 160 er påmeldt. Alle dei som har gått alle marsjane til no er blant desse. Vi er glade for at det blei sånn at vi slapp å få brot i rekkja.

Første dag du kan gå Ulvenmarsjen 2020 er i morgon, men arrangørane oppmodar folk å venta. Bergensarar blir oppmoda å venta til etter 20. september.

Du finn fleire detaljar på deltager.no.

Tillit og innsjekk

Alle påmeldte melder ifrå når dei har gjennomført. STIL har tillit til at deltakarane er ærlege, og kjem tilbake til korleis det blir med premieutdeling for årets marsj.

I dag har dei i tillegg inngått samarbeid med Visit Bjørnafjord. Turistinformasjonen i kommunen har frå før appen «Bjørnafjordjakta», ein app som oppmodar deg å bli turist i eiga bygd og enkelte nabobygder.

– Du kan fint gå Ulvenmarsjen utan å bruka appen, men dette er ein kjekk tilleggsfunksjon, og VisitBjørnafjord stiller med eigne premiar for dei som sjekkar inn. Neste år kan tenesta bli utvida med kunnskapskonkurranse, seier Jensen.

Christoffer Kobbeltvedt i VisitBjørnafjord seier appen har vore brukt til andre innsjekkspunkt enn turistattraksjonar. Med hell.

– Under Sentrumslaurdagen hadde vi to hemmelege punkt i Os sentrum som folk kunne leita seg fram til. Over hundre brukte appen den dagen.

Til no ligg det 21 turistpunkt i appen, fleire kjem i 2021. Appen har 500 brukarar og 900 registrerte besøk på dei ulike punkta. Ivrige turistar kan vinna ulike premiar, med 10.000 kroner i gåvekort hos Sport Norge som årspremie.

– No har vi lagt inn alle dei seks stadane der Ulvenmarsjen-arrangørane plar ha sjekkpost, og desse er tilgjengelege frå i kveld til og med 11. oktober.

Det er berre deltakarar i Ulvenmarsjen som er med i konkurranse om premiane.

– Det er kjekt for oss å kunna bidra i desse koronatider, når vi har sjansen, og interessant å testa ut nye måtar å bruka turistappen på, synest Kobbeltvedt.

 

 

Les meir om

Lokal Korona Sport Kondis