Startar 2023 mot to topplag
Tapte med ti mål for TIF Viking i går, møter like tøff motstand heime i dag.

Handballdamene til Os spelte laurdag sin første kamp sidan 13. desember.
Kampen gjekk mot serieleiar TIF Viking, som Os spelte 27-27 mot heime i november.
I går fekk Os det langt tøffare.
Os tapte 36-26 etter å ha lagt under heile 22-10 til pause.
Thurkka Sofie Velalakan og Emma Yael Husebye blei toppskårarar med 6 mål kvar, Emma inkludert 2 frå 7-metersmerket. Ayleen Akyüz Hagen skåra 4.
I dag tar Os imot tabelltoar Bjørnar.
TIF Viking leiar serien med eitt poeng meir enn Bjørnar. Sistnemnde har to kampar førre spelt, og slo Os heile 24-14 i desember.
- Terminliste og tabell på handball.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.