Handball | 19. des. 2022

Suveren haust for Os 2

Skårer i snitt 36,3 mål per kamp.

Suveren haust for Os 2
Malin Hjelle Berentsen er blant storskårarane på Os 2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. des. 2022 08:06

Mens førstelaget til Os har hatt ein tøff innspurt mot jul i 3. divisjon, hatt sjukdom i troppen og stilt med tynn stall i dei siste kampane, har Os 2 fossa vidare etter den gode starten i 6. divisjon.

Mesteparten av stallen til Os 2. Rundt halve laget spelte 2. divisjon eller høgare for 4-5 år sidan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògDette er eit B-lag: For 4 år sidan spelte halve laget 4 divisjonar høgare

Os 2 har vunne 6 av 6 kampar i 6. divisjon i haust.

Endå meir imponerande er målforskjellen på 218-111, altså eit snitt på 36,3 mål per kamp.

Den største sigeren drar opp snittet godt.

Heime mot Osterøy skåra Os 2 over tre gongar så mykje som gjestane, og vann 46-15. Til pause sto det 21-7.

Her er resultata frå kampane i haust:
Sotra 3 - Os 2 20-39
Os 2 - Fyllingen 4 36-16
Os 2 - Osterøy 46-15
Kalandseid - Os 2 22-34
Odda - Os 2 20-30
Osterøy - Os 2 18-33

Neste kamp går heime mot botnlaget Eidsvåg 15. januar.

Førstelaget har heimekamp same dag.

Sitjande utfordring

Helga etter skal Os 2 i Haukelandshallen og spela i rullestol mot Årstad 4.

Det kan bli ein tøffare kamp, i ein situasjon Os-spelarane ikkje er vant med.

Årstad sitt rullestollag har spelt to kampar til no, og vunne begge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.