Samferdsle | 22. aug. 2022

Stengde Sundøybrua måndag morgon

– Vi ser at det står feil i varselet.

Stengde Sundøybrua måndag morgon
Dette skiltet skal ha kome opp kort tid før brua blei stengt måndag morgon. (Foto: tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. aug. 2022 08:42

Fleire blei overraska då «Vetlabruo» mellom Sundøya og Bruarøy måndag morgon var stengt.

Skilt skal ha kome opp kort tid i forvegen.

Vetlabruo/Sundøybrua med Storabruo/Lepsøysundet bru i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vetlabruo/Sundøybrua med Storabruo/Lepsøysundet bru i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Vi skal ha varsla på vanleg måte, som er via 175.no 48 timar i forvegen, seier trafikkoperatør Jørgen Bødtker i Vegtrafikksentralen.

Årsaka til stenginga er ikkje noko akutt, men rutinemessig inspeksjon som krev bruk av ein bru-lift som vil stenga brua.

Kart: vegvesen.no
Kart: vegvesen.no

I kart på vegvesen.no står området markert med følgjande tekst:

Fv 5150 Sundøy II i Bjørnafjorden, Vestland
Vegarbeid, vegen er stengt, gyldig mellom 22.08.2022 08:28 og 22.08.2022 10:52. Manuell dirigering. Utrykningskjøretøy kan passere på signal fra dirigenter. Rutegående buss vil ikke bli påvirka. Vegen er stengt mellom kl 08:28- kl 10:52
Starttid: 22.07.2022 kl. 00:00
Beregnet sluttid: 26.08.2022 kl. 23:00

– Eg ser no at varselet er feil. Stenginga gjeld berre desse timane måndag morgon, ikkje i ettermiddag og ikkje resten av veka, fortel Bødtker.

Midtsiden har fått ei rekkje klagetelefonar på at verken butikk, fabrikk eller heimesjukepleie/heimetenestene var varsla om den komande stenginga av brua.

Vi kjem tilbake med eiga sak om dette og svar frå Vestland fylkeskommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.